tirsdag 29. januar 2008

Fv 413: IKKJE ASFALT PÅ SEKKEN FØR I 2009

I fjor kom det sterke signal om at fylkesvegen mellom ferjekaia og Vestadstranda ville få asfaltdekke i 2008. No gir Statens vegvesen klar beskjed: Det blir ikkje asfaltlegging på Sekken før neste år.

Fylkestinget vedtok i sak T-54/06 prioriteringslista for utbetring og legging av asfaltdekke på dei fylkesvegane som til då ikkje var inne på ei slik liste. På denne lista står fylkesveg 413 på Sekken på 6. plass.

– I 2008 greier vi kanskje å få finansiert og ombygd fylkesveg 230 i Fræna, som har prioritet 3. Dersom ramma for 2009 blir om lag 25 mill. kr, reknar eg med at fylkesveg 413 er fullfinansiert og dermed blir fullført med asfaltering i 2009, opplyser sjefingeniør Svein Solbjørg i Statens vegvesen, region midt.

Dermed kan det sjå ut til at 2009 blir eit merkeår for fylkesveg 413, men til så lenge er det altså grus heile vegen rundt Sekken.

BILDET: Ikkje asfalt i år ...

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.