lørdag 15. januar 2005

Erstatta etter førti år Originalstolpe frå telefonautomatiseringa på Sekken



På Vestadstranda har ein stolpe stått på skrå. Den var knekt på bakkenivå. I dag kom ein mann og ein bil, og etter ei arbeidsøkt var ny stolpe på plass. Her ser vi Stig Dyrhaug oppe i stolpen. Resten av bilda får du ved å klikke deg inn og sjå på dagens vesle kvardagsreportasje frå Sekken.

Ein telefonstolpe kan innehalde mykje informasjon. På ein spikar står det L63. Det skal bety at stolpen er laga i 1963. Det står nummer på stolpen, og nummereringa begynner nok på 1 ved sentralen på Eik. Eit tal fortel at denne stolpen er 8 meter lang.

Ei kvit remse viser at akkurat denne stolpen blei kontrollert i 1997 og skulle bli kontrollert igjen i 2007. Det siste blir no ikkje aktuelt, og det første er litt rart: Røteskadene burde nok ha blitt oppdaga i 1997. Men denne stolpen greidde vel å lure seg gjennom kontrollen.

Stig Dyrhaug fortel at han har skifta hundre år gamle stolpar, som har vist seg å vere heilt fine. I Vistdal var borti ein frå 1916, og i Tjellekleiva var det nok endå eldre eksemplar i god stand.

Før kom det ein blå bil frå Telenor til slike oppdrag. I dag ringer Bravida til Stig Dyrhaug eller andre entreprenørar når ein knekt stolpe skal erstattast av ein ny.

Jostein Eik og Erik Eik begynte i Televerket i oktober 1965. Jostein fortel at dei då kom heim frå militærteneste, og var hyra inn av Sivert Malones til arbeidslaget hans som då var i gang med å sette opp nye telefonlinjer på Sekken. Dette var eit ledd i automatiseringa av telefonen i bygda. Telefonsentralen på Vestad ble då lagt ned. Ein automatsentral kom seinare opp på Eik. Jostein fortel at arbeidet med linjene ikkje var i gang då han og Erik reiste til Steinkjersannan i oktober 1964. Dermed kan det godt stemme at den aktuelle stolpen blei produsert i 1963, og sett ned på Vestadstranda i 1964 eller 1965.

Førti år har den gjort sitt, og mange telefonsamtalar har passert.

Øystein Eik (tekst og foto)
ID: 77

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.