torsdag 5. mars 2009

Grunnervervet går sin gang – ferdig asfaltdekke til vinteren

Målet er at fylkesveg 413 på Sekken skal ha fast dekke før vinteren. Grunnervervet er godt i gang, og anleggsleiar Jon-Trygve Løvik i Statens vegvesen ventar no spent på anbud frå entreprenørar som vil utføre arbeidet med utbetring og forsterking av den 9,63 kilometer lange vegen.


BILDET: Grunnervervar Jørgen Frøyd (t.v.) og anleggsleiar Jon-Trygve Løvik. Her står dei på toppen av Brauta. Grunneigarane har her sett fram forslag om tiltak for å gi mjuke trafikkantar sikrare forhold. Kommunen har stilt seg negativ til å delta med midlar til «fortau», og anleggsleiaren ser ikkje at prosjektet har midlar til dette. Jon-Trygve Løvik har skissert ein møteplass i Brauta, og håper at også det kan vere eit positivt tiltak for fotgjengarar. Øverste enden på møteplass er tenkt omtrent ved avkjørsla (til høgre på bildet), skrå ut til 2,5 m breidde etter 15 m, fortsette i denne breidda i 13 m og så gå i null etter 12 m – altså ei lengde på 40 m. KLIKK PÅ BILDET for å forstørre.

Jørgen Frøyd frå Elden Eiendom er innleigd av Statens vegvesen for å utføre det praktiske arbeidet med grunnerverv. I lag med anleggsleiaren tar han kontakt med grunneigarane langs vegen. Etter eventuell samtale og befaring blir det laga eit forslag til avtale om kjøp av grunn.

I annonser måndag 2. mars inviterte Statens vegvesen entreprenørar til å levere tilbud på arbeidet med utbetring og forsterking før dekkelegging. Frist for å levere tilbud er 30. mars og tilbudsåpning skjer dagen etter. Dette arbeidet omfattar alt unntatt rekkverk og sjølve dekkelegginga. Rundt midten av mai skal det etter planen vere avklart kven som får arbeidet, og Jon-Trygve Løvik reknar med at entreprenøren da er interessert i å komme i gang snart.

– Når vil sjølve dekkelegginga skje?

– Først skal det leggast eit bærelag med 4 cm asfalt. Dette reknar vi med kjem på plass midt i oktober. Oppå dette kjem eit 3 cm slitelag, og vi får håpe vinteren ikkje kjem før det er lagt.

– Vi veit ikkje kven som skal legge asfaltdekket, men det blir vel snart avklart kven som får anbud med asfaltlegging i Romsdal kommande periode, seier Jon-Trygve Løvik, og avsluttar med å presisere: – I arbeidet med grunnerverv og utbetringar av vegen er vi opptatt av likebehandling.

Han opplyser også at i private avkjørsler som får asfaltdekke betalt av Statens vegvesen, blir det berre lagt eit 3 cm slitelag. Men dette gjeld berre 2 til 3 meter inn frå vegkanten.

Redaksjonen forstår det slik at Kolo Veidekke og NCC er dei to mest aktuelle entreprenørane når det gjeld asfaltlegging her i distriktet. Som kjent kan interesserte gjere avtale med entreprenøren om legging av asfalt på private vegar, og det blir truleg ikkje vanskeleg å få utført slikt arbeid til ein avtalt pris.

Av Øystein Eik (tekst og foto)

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.