torsdag 31. januar 2008

Rute 34: MF Linge greier nesten å halde ruta

Etter problem med ei brannpumpe var MF Linge onsdag klar for ruta Molde – Sekken, og dermed kan passasjerane igjen gå ut frå at ferja stort sett er i rute.


BILDET: MF Linge klar til avgang frå Molde siste dagen i januar 2008 kl. 16.00
MF Eiksund brukte minst 10 minutt lenger på ein overfart – eller ein halv rundtur – frå kai til kai. Når det ikkje var pauser til å ta kunne ta seg inn igjen, balla det på seg med tre turar vest for Hjertøya. MF Linge går «strake vegen» gjennom Hjertøysundet, men må likevel ha nesten tre kvarter på seg.

Torsdag ettermiddag greidde fotografen å avbilde tre mann i styrhuset. Også MF Linge har fire manns besetning. Matros Jostein Gangstad var i gang med billettering. Maskinisten tok seg ein tur opp frå maskinrommet, og på brua var ellers skipper og matros.

Fjord1 MRF har inne søknad om dispensasjon for å kunne bemanne nye MF Sekken med tre: Skipper, maskinist og matros – slik det heile tida har vore på ferjene i rute 34. Ferja her blir stadig den minste i MRF-flåten.

MF Linge har papir for å kunne gå i rute ut ferbruar. Da bør nyferja vere på plass, ellers har rederiet ei utfordring.




BILDET: Maskinist Jim Hagerup, matros Eirik Berg og skipper Reidar Røren. Foto: Øystein Eik

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.