lørdag 6. august 2005

Grågåsa flyg sørover

Flokkar med grågås samlar seg i plogform og sett kursen sørover. Rett har dei kurs vestover ved passering Sekken -- for dei følger vel faste ruter og prosedyrer slik som andre flygande objekt og følgjer kysten sørover?



Folk med minne og erfaring meiner at grågåsa startar sydenturen tidlegare år for år. Fugleeksperten Alf Ottar Folkestad uttalte på NRK Møre og Romsdal at gåsejakta kan vere ei årsak til dette. -- No er det ikkje fred å få lenger, det er berre å legge i veg, tenker vel sjefsgåsa, og så samlar ho flokken til ein plog. Eller er det ikkje ein sjef? Er det slik at gjessene praktiserer jobbrotasjon, og bytter på jobben som spiss? E-post kan du sende til redaksjonen@sekken.net om du vil bidra med opplysningar som kan kaste nytt lys over gråsgåsa sine forunderlege reiser. Eller kanskje du vil dele andre sommaropplevingar frå Sekken?

Faktum er i alle fall at minst sju flokkar passerte over Sekken laurdag 6. august 2005. Det observerte Vigdis Sekkenes frå bringebæråkeren i Myra. Sekken.net var ute på vegen og fekk med seg den sjuande. Klokka var 18.40, og det kan godt hende at fleire passerte utover kvelden.


Øystein Eik (tekst og foto)
ID: 133

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.