tirsdag 26. juli 2005

Museumsplassen: Populær kafe og møteplass

Etter festivalstemning forrige helg passa det godt å roe seg ned litt søndag 24. juli. Fint ver inviterte til å bruke plassen ved trerøringen som er plassert framfor gamleskulen




BILDET: Albert Eik voks opp i Ålesund. Han dreiv Eik gartneri i Tresfjorden, som sonen og familien no har overtatt. Albert Eik kom i lag med Karl Arne Eik frå Ålesund, Elisabeth Eik Hagen frå Drammen (far deira heitte Jakob og var bror til Albert) og Hans Chr. Hagen frå Drammen.

Albert sin far, Knut, kom frå Ytste Eik, og hadde fire eldre søsken: Erik som overtok heimgarden, Lasse som budde på Gjerdet, Eli og Jørgine som begge flytta til Røvika.


Museumskafeen denne søndagen var godt besøkt. Museet har nokre stamgjester som trufast møter opp på kvar einaste kafe. I tillegg kjem andre bygdefolk, hyttefolk og andre som er på Sekken sommarstid. Her er det plass og tid for å møte igjen kjentfolk og mange blir her kjent folk dei kanskje berre har møtt i forbifarten før. Menyen er enkelt og gjestene flytter inn og ut etter som veret skifter.

Rita Sandberg si måleriutstilling blir ståande i Mariehuset ut august.
Ta kontakt og avtal eit besøk!
Ring gjerne til Øystein Eik: 975 91 319



BILDE 2: Dei mest uthaldande gjestene bryt opp etter to timar med kaffe og prat.



BILDE 3: Albert Eik fekk eit gjensyn med båten som Alfred Eik hadde ståande i naustet sitt på Gjerdet.

Øystein Eik (tekst og foto)
ID: 123

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.