tirsdag 20. januar 2009

Informasjon om asfaltering av Fv 413 på Sekken

SISTE OPPDATERING 01.02.2009 med kommentar frå Jørgen Frøyd som skal utføre grunnervervet for Statens vegvesen



 ASFALTMØTET: Godt frammøte og stort engasjement

OPPDATERING 30.01.2009: Ei stor forsamling møtte fram da Statens vegvesen informerte ei stor forsamling interesserte sekkingar onsdag 28. januar. Seksjonssjef Ivar Hol gav først ei generell orientering om legging av fast dekke på fylkesvegar. Deretter gikk ordet til grunnervervar Olav Sæter og anleggsleiar John-Trygve Løvik. Jørgen Frøyd skal utføre det praktiske arbeidet med grunnerverv. Han representerer Elden Eiendom og møtte i lag med kollega Nils Evald Loftesnes. Just Ove Westad (leiar i Sekken Tiltaksnemnd) var ordstyrar.

Ivar Hol fortalte om den såkalla grusvegpakka som fylkestinget vedtok i 2003. På den tida hadde 800 kilometer av fylkesvegane i Møre og Romsdal grusdekke. Politikarane vedtok ei prioriteringsliste, og etter den er det altså no Sekken sin tur. I 2007 var løyvinga 90 millionar kroner, og for den summen blei det lagt 70 km fast dekke. I år blir det lagt totalt ca. 34 km asfalt, og av dei er 9,6 km på Sekken – frå ferjekaia til bussgarasjen på Vestadstranda.

For kr. 1050,- pr. lengdemeter skal det gjerast nødvendige tiltak med møteplassar, grøfter, stikkrenner m.m. – og ikkje minst skal det leggast asfalt. Mjukasfalt blir lagt i to lag. Først blir det lagt eit lag, så blir avkjørsler ordna og det blir pussa på det som er gjort før lag nummer to blir lagt.

Statens vegvesen sitt laboratorium er i gang med analyser av bæreevnen i vegen. Vegen vil bli forsterka med pukk i eit visst lag, og det kan bli aktuelt med geonett.
John-Trygve Løvik opplyste at asfaltlaget vil bli ca. 20 cm tjukt.

– No vil vi kjøpe grunnen og gjere opp for oss for framtida, sa Ivar Hol. Han fortalte vidare om pris og vilkår.

Der vegen går gjennom skogsmark vil Vegvesenet kjøpe minimum 6,0 meter ut frå vegkant og dette beltet langs vegen skal ryddast. På dyrkamark er regelen at det blir kjøpt minimum 3,0 meter ut frå vegkant på kvar side. Sjølsagt blir det gjort unntak der det står hus nærare vegen enn 3,0 meter, og det blir utvist skjønn der steinmurar og andre større installasjonar ligg inntil vegen.

Vanlege prisar i oppgjeret er kr. 3,- per kvm for skogsgrunn, kr. 6,- for beite og kr. 12,- for dyrkamark. Kr. 15,- per kvadratmeter for dyrkamark er det meste som er betalt i fylket. Grunneigaren (skogeigaren) får skogen som blir rydda langs vegen.

Olav Sæter og Ivar Hol orienterte vidare om kva dei reknar med at Vegvesenet eig.

Mellom Sekkenes og Sekkeseterreiten finst det anleggsprofilar frå november 1927 som viser kor brei blei bygd. Vegen gjennom bygda på sørsida og nordsida er eldre enn dette, og her blir det lagt til grunn at Vegevesenet eig 8 alner breidde, dvs. 5 meter.

SPØRSMÅL OG SVAR I STIKKORDSFORM

Breidde på vegen? Minimum 3,0 m, kanskje 3,7 m med asfalt.

Møteplassar? Møteplassar med skilt slik at det er sikt frå plass til plass. Gjerne møteplass (utviding) i kurver og på bakketoppar.

Rekkverk? Der det er spesielle behov for eksempel for å skjerme stolpar som står inntil vegen.

Akseltrykk? Blir vurdert. Vegen vil ikkje få høgare tillatt akseltrykk enn bruene er beregna å tåle.

Fartsgrense? Blir vurdert nedsett etter søknad.

Gjerde? Minimumsavstand til veg blir 3,0 m – og slik er det også i dag. Midlertidig straumgjerde kan stå nærare.

Dette er ei kort oppsummering etter ei omfattande orientering og mange spørsmål på informasjonsmøtet 28. januar 2009. Ivar Hol presiserte fleire gonger at dei har gode erfaringar med asfaltering av vegar andre plassar, og han ser lyst på at folket på Sekken som bli tilfreds med resultatet. Arbeidet med grunnerverv kjem i gang om kort tid, og kvar enkelt grunneigar blir kontakta. Det er viktig at alle samarbeider og kjem fram med spesielle ønsker og andre synspunkt.

Ivar Hol konkluderte slik: GRUSVEGPAKKA ER EI GLADSAK!

Av Øystein Eik (tekst og foto)

HAR DU SPØRSMÅL av allmenn interesse? Sekken.net kan formidle spørsmål og svar.

Skriv til: redaksjonen@sekken.net

....

Etter første publisering har redaksjonen fått inn ein kommentar frå Jørgen Frøyd som skal utføre grunnervervet for Statens vegvesen Region midt

A) Om vegbredde generelt:

Vi snakker for eksempel om total veibredde og effektiv vei, det vil si bredden på kjørebanen (mellom veikantene). Det er den ”effektive veibredden” som blir asfaltert (i tillegg til møteplassene selvsagt). Veien er i dag uregulert, og siden det ikke skal lages noen reguleringsplan for Fylkesveg 413, så vil bredden på veien naturligvis variere noe. Generelt vil nok den effektive veibredden bli noe smalere enn i dag. Det er riktig at asfaltert kjørebane vil bli minimum 3,0 meter
bred.

B) Byggegrenser:

På møtet ble det  stilt spørsmål om byggegrenser mot vei generelt og for den aktuelle veien (Fylkesveg 413 på Sekken) spesielt. Det ble dessverre ikke gitt noe fullstendig svar på møtet. Det følger av vegloven § 29 at det langs offentlig vei (veg) skal være byggegrenser fastsatt med hjemmel i vegloven (dersom ikke annet følger av reguleringsplan etter plan- og bygningsloven). På Sekken er det altså de generelle byggegrensene i vegloven § 29 som gjelder. Jeg gjør oppmerksom på at slike byggegrenser gjelder for nye tiltak.

En byggegrense mot offentlig vei skal blant annet ta vare på de krava som en må ha til veisystemet og til trafikken, men også når det gjelder miljøet på eiendom som grenser opp til veien.

Videre følger det av bestemmelsens andre ledd at byggegrensene skal gå i en avstand på 50 meter fra riksvei og 15 meter fra fylkesvei eller kommunal vei. Avstanden skal regnes fra midten av veien.

Fylkesveg 413 er altså en fylkesvei, og da er eksisterende byggegrense 15 meter langs hele veien. (Egne byggegrenser og frisiktsoner kommer i tillegg der det er veikryss og avkjørsler).

Jørgen Frøyd


 

PUBLISERT FØR MØTET:

Tema for møtet er ulike sider ved framdrifta og grunnervervet på prosjektet – med orientering om korleis dette fastdekkeprosjektet er tenkt gjennomført. Stikkord: Avkjørsler, stikkrenner, eventuelle brønnar, vassledningar, skog, gjerde og permanent lagring av eventuell overskotsmasse.

Med på møtet frå Vegvesenet blir Ivar Hol (leiar for byggherreseksjonen), Jon Trygve Løvik (byggeleiar for prosjektet) og Olav Sæter (grunnervervar). I tillegg kjem ein innleigd grunnervervar som skal gjennomføre det praktiske arbeidet med forhandlingar og grunnerverv. På dette møtet blir det ikkje forhandlingar med dei enkelte grunneigarane.

Asfaltert veg vil bli ca. 20 cm høgare enn dagens veg. Det er aktuelt å utbetre eksisterande møteplassar, bygge ein del nye møteplassar, breiddeutvide vegen ein del plassar, utbetre veggrøfter, slakke ut vegskråningar og hogge ein del skog.

Vegvesenet sine representantar ønsker å få påvist eventuelle behov for driftsavkjørsler, rør og ledningar (vatn, kloakk, straum, telefon m.m.) som i dag går gjennom eller nær inntil fylkesvegen – og få opplysningar om eventuelle nye planer for rør og ledningar.

Fylkesvegen på Sekken er gammal og har gjennom åra vore gradvis utbetra og utvida. Dersom Vegvesenet ikkje får opplysningar om at det seinare har vore kjøpt eller gitt fri grunn til vegutbetring, vil det bli betalt erstatning for grunn utafor ei breidde på ca. 5 m (8 alen *). Dette er vanleg praksis for tilsvarande vegar og det betyr at ein del av dagens veggrøftger og vegskråningar er privat eigedom.

På strekninga mellom Sekkenes og Sekkeseterreiten har Vegvesenet tilgang til anleggspofilar frå november 1927 som fortel kor brei vegen var den gongen.

Grensemerke (merkesteinar m.m.) skal målast inn, og grunneigarane bør påvise desse. Vanleg praksis er at bustadavkjørsler blir asfaltert 2–3 meter ut, mens driftsavkjørsler blir asfaltert 1–2 meter ut frå vegbana. For å sikre likebehandling må partane betale for all asfalt ut over dette i private avkjørsler.

Før Vegvesenet kan betale ut sluttoppgjer for avstått grunn, må areala målast opp. Dette blir gjort i samband med avsluttande oppmåling og kartforretning. Partane vil få eiga innkalling til dette. På grunn av restansar kan det ta ei tid før dette blir gjennomført.

Denne orienteringa er basert på opplysningar frå senioringeniør Olav Sæter ved Ressursavdelinga i Statens vegvesen Region Midt.

Spørsmål kan rettast til Olav Sæter

Telefon 71 27 41 66

E-post: olav.sater@vegvesen.no

* 1 alen = 62,8 cm

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar