søndag 16. november 2008

50.000 kroner frå Gjensidige Nordmøre og Romsdal!

Totalt delte Gjensidige Nordmøre og Romsdal ut 2,8 millionar kroner til 128 lag og foreningar i dei åtte kommunane i Romsdal. Sekken museumslag søkte om eit bidrag til å flytte det gamle bedehuset til museumsområet – og fekk så det monna! 50.000 kroner er ein veldig god start på finansieringa.

I tillegg til større og mindre summar til støtte i det frivillige arbeidet, fekk dei som representerte lag og foreningar med seg eit fint arrangement i Bjørnsonhuset torsdag 13. november. Jazzkvartetten Bechpackers var først ute med kulturbidrag.


BILDET viser frå venstre Espen J. Bjarnar – gitar, Gunnar Bech - trombone/vokal, Sindre Klykken Johnsen – bass, Espen Krumpolc – trommer. Sekken.net kan ikkje unnlate å nemne at Sindre Klykken Johnsen og Espen Krumpolc er to av dei fire musikarane som skapte festivalstemning på Sekken fredag 4. juli i år. Musikarane likte tydelegvis publikum på Midtfjordsfestivalen – og alt tyder på at det var .... ja, nettopp gjensidig.  KLIKK PÅ BILDA for å forstørre.

Dina Misund sang tre fine låtar som avslutning på arrangementet. Mellom Bechpackers og Dina Misund var det utdeling av «sjekkar», orientering, kåseri og stadige påminningar om kor viktig det frivillige arbeidet og dugnadsinnsatsen er i samfunnet. Randi Thomassen var dyktig konfransier i år som i fjor.
{mosimage}

Administrerande direktør Inge Sandnes i Gjensidige Nordmøre og Romsdal (bildet) trekte trådane for det gjensidige forsikringsselskapet heilt tilbake til Veøy i 1841. Selskapet har 21000 kundar, 30 tilsette og ei åreleg omsetning på 220 millionar kroner, og er eit av landets største skadeforsikringsselskap. Gjensidige Nordmøre og Romsdal ser det som ei viktig og heilt naturleg oppgave å støtte det frivillige arbeidet.

Per Arne Westadvik (bilde nr. 4) er pensjonert reiselivssjef, og kom ti Molde blant anna for å fortelje om Gamle KRIPOS (KRI av Kristiansund og POS av positiv) som går nye vegar i dugnadsarbeidet. Inspirerande! Torgeir Dahl var ein av åtte deltakarar som var plukka ut til å representere ein mottakar i kvar kommune. Han snakka også i positive vendingar om frivillig arbeid.





Romsdals Budstikke sin utsendte Ole Foss laga reportasjen som du kan lese på Rbnett.no: http://www.rbnett.no/article/20081113/NYHET/632952586/1260/KULTUR

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar