onsdag 5. mars 2008

Rute 34: Tekniske problem onsdag kveld

På veg til byen for å ta sist tur oppsto det tekniske problem både i maskinrommet og i styrhuset på MF Sekken. Nede var det ei diesellekkasje som maskinisten ordna med hjelp av ein tilkalla kollega. Oppe retta ein tilkalla elektrikar feilen. Siste tur frå Molde starta kl. 24.00. Sekken.net sin medarbeidar er i skrivande stund på farten for å ta første ferje til byen torsdag morgon, og satsar på at ferja går som normalt i dag.



0 kommentarer:

Legg inn en kommentar