torsdag 31. januar 2008

Vegsund Slip AS: Her bygger dei om nye MF Sekken

«MF Hareid» er snart berre historie. Rett nok skal skrog, motor og overbygg snart inn rute igjen, men det er ingen tvil om at Hareid-namnet går over i ferjehistoria i denne omgang. Sekken.net besøkte Vegsund Slip AS i Sula onsdag 30. januar 2008, den dagen gamlenamnet blei fjerna for å gi plass til MF Sekken.




(Klikk på bilda for å få dei opp i større format – og bla frå bilde til bilde.)

Gnistregnet og hammarslaga bekrefta at her blir bokstav for bokstav fjerna. Like mange bokstavar skal på igjen før ferja skal inn i rute 34 – etter planen før februar er omme. Med skotår blir det ein ekstra dag å gå på...

Skipper Dagfinn Thoresen er om bord og med på arbeidet i lag med maskinist Olav Vikhagen frå rederiet. Ellers er det fleire mann frå slipen i arbeid på ferja. Her blir det jobba for fullt, og det skjer store forandringar.



Nede i maskinrommet får den 35 år gamle totaktsmotoren full overhaling. Stempla blir tatt ut, det blir skifta ringar og foringar – med sikte på at smøreoljeforbruket skal gå dramatisk ned og ikkje minst: Motoren skal vere driftssikker.

Skiltet på motoren har desse opplysningane: Wickman – Nr. 5449 – 4ACAT – 1973 – 660 hk – 375 omdr/min.

Dagfinn Thoresen viser rundt i den nye salongen. Eit utal med kablar heng og dinglar, og det meste av gammalt er fjerna heilt ut til skroget. Veggen mellom dei to gamle salongane er fjerna. Den nye store salongen får nesten 70 sitteplassar – og delvis blir det ekstra komfortable kvilestolar. (MF Edøy hadde i underkant av 40 sitteplassar.)

Messa som ligg inntil maskinrommet blir heilt ny, og det blir lagt inn godt med isolasjon. I andre enden ligg mannskapslugarane, nytt kontor og nytt rom med toalett og dusj for mannskapet.

I styrhuset blir det ikkje så mykje nytt i denne omgangen, men der vil det etter planen skje større endring når nytt framdriftssystem blir montert i 2009.

Støynivået skal bli redusert med 10 decibel – i følge teoretiske beregningar. 5 desibel reduksjon betyr ei halvering av lydnivå, men det sjølsagt usikkert korleis passasjerar og mannskapet vil oppleve forandringa i praksis.

Dette opplyser teknisk sjef Glenn Sandberg, som var innom Vegsund Slip AS om formiddagen, på sin inspeksjonstur frå ferje til ferje som er oppe til ombygging, reparasjon eller årleg vedlikehald. Han fortel også at det blir digital -TV om bord, med skjerm i messa og ein STOR skjerm i salongen.

Vi kan komme tilbake med fleire foto og meir nytt om framdrifta, dersom det er interesse for det. Kommentar? Spørsmål?



Av Øystein Eik (tekst og foto)  E-post: redaksjonen@sekken.net

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.