torsdag 16. mars 2006

Positivt vedtak i fylket Tirsdagsrute fem dagar vi veka

Samferdselsutvalet i Møre og Romsdal hadde møte i går - onsdag 15. mars 2006. Etter innstilling frå samferdselsdirektøren gjorde utvalet einstemmig vedtak om å sette inn ressursar i rute 34 Molde - Sekken som kan gi eit likt ruteoppsett frå måndag til fredag.


I referatet frå møtet blir dette formidla slik: «I rute 34 blir det frå 1.5.06 tilbydd 8 nye avgangar i veka, dvs at det blir "tirsdags-rute" også på mandag, onsdag, torsdag og fredag.» Sekken Tiltaksnemnd har arbeid for å få til ei eit betre rutetilbod midt på dagen måndag, onsdag, torsdag og fredag. Tirsdagsruta har som kjent skilt seg positivt ut. Om det blir slik at dei andre dagane no får ein kopi av tirsdagsruta, er kanskje ikkje heilt sikkert. Tiltaksnemnda og folket på Sekken kan nok bestemme klokkesletta for avgang nokså fritt innafor dei ressursane som no er stilt til disposisjon for ruta. Men i alle fall blir dei ei viktig og positiv endring fire dagar i veka.

Tiltaksnemnda har ikkje fått gjennomslag for andre endringar i ruteopplegget. Vedtaket i samferdselsutvalet gir ikkje rom for endringar i ruter laudag og søndag som det har vore sett fram ønske om. Mange har helge- og kveldsarbeid i byen og slit med å utføre jobben uten urimeleg lang ventetid før og etter arbeid.

redaksjonen
ID: 177

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.