onsdag 15. mars 2006

Sekken Sjømannsmisjonsforening: Basar og markering av 100 års aktivt arbeid!



Fredag 10. mars 2006 var det som store og små samla til tradisjonell sjømannsmisjonsbasar. Men alt var ikkje som vanleg, for dette var også ei markering av at denne foreninga har hundreårsjubileum i år.

Liv Borghild Sekkeseter opna basar, og sende nokre tankar til Inger Sekkeseter som etter eit sjukehusopphald ikkje kunne vere til stades denne kvelden. Inger har vore formann i foreninga i mange år. Eit lite tilbakeblikk kunne fortelje at Sekken Sjømannsmisjonforening har hatt sju formenn frå starten 2. mars 1906 og fram til i dag.

Kretssekretæren er fast gjest og aktiv deltakar på basaren kvart år. Både Jonfinn Hauge og Svein Petterson har tidlegare gitt uttrykk for at det er noko spesielt å delta på basarane her -- med ei fargerik forsamling i alle aldersgrupper. Sigurd Stige er nytilsett som kretssekretær, og han såg ut til å trivast like godt som sine forgjengarar.

Dei første åra ga alle medlemmene 10 øre i kollekt på møta. Dei siste femti åra har nesten ein kvart million kroner funne vegen til sjømannsmisjonsarbeidet. No blir arbeidet organisert i Sjømannskirka -- Norsk kirke i utlandet. Årets basar ga ei inntekt på 13000 kroner.

Som vanleg det ei stor samling av gevinstar som inspirerte til kjøp av både årer og lodd. Trekkinga kom som høgdepunktet til slutt, og medlemmene i Sekken Sjømannsmisjonsforening hadde igjen gitt eit trufast publikum påfyll av god mat og åndeleg føde. Ei gruppe frå Sekken Skolekorps spela på basaren.

Fotografen fekk samla medlemmene i foreninga til eit bilde i jubileumsåret. Framme frå venstre: Magnhild Skogvik, Gjertrud Sekkenes og Kanny Eik. Bak frå venstre: Kretsskeretær Sigurd Stige, Margrete Sekkeseter, Helene Lybergsvik og Liv Borghild Sekkeseter. Inger Sekkeseter (formann) hadde sjukdomsforfall.



Øystein Eik (tekst og foto)

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.