torsdag 15. desember 2005

Stor oppslutning om hundreårsfesten laurdag!

Styret i Sekken Ungdomslag kan gle seg over stor påmelding til jubileumsfestivitas for Ungdomsheim laurdag 17. desember. Og folket kan gle seg til mykje godt program og god mat.


BILDET: Dette er eit utklipp frå boka Den frilynde ungdomsrørsla i Romsdal 1895 -- 1925. Boka kom ut i 1925, og Øyvind Eik tok nok bildet av ungdomshuset dette året. Teksta viser altså at jubileumsmarkeringa skjer nøyaktig på dagen hundre år etter innviingsfesten.

Utvendig har ikkje huset forandra seg mykje på desse hundre åra. Kjøkkenet er noko modernisert, og det er gjort på ein fin måte. Salen, gangen og galleriet er originalt med litt slitasje og små oppgraderingar.

Laurdag 17. desember 2005 kl 14.00 begynner markeringa med familiejulebord på skulen, som no er ein tradisjon. Etter to-tre timar vil forsamlinga forflytte seg til ungdomshuset, der det blir program og ettermiddagskaffe. Klokka 20.30 blir det dans til musikk av Blå sko. Rykta går om at det også blir programinnslag litt utpå kvelden.


Jul i Romsdal har ei fin framside i år, det er vel ikkje noko å diskutere?! Ein finare motiv går det vel ikkje an å finne i jubileumsåret for ungdomshuset på Sekken. (Såpass patriotiske må vi få lov å vere.) Du har vel kjøpt bladet. Finn du ikkje ei forretning som sel Jul i Romsdal, så kan nok redaksjonen i Sekken.net hjelpe deg. Ein e-post kan du sende om både det eine og det andre, og adressa er: redaksjonen@sekken.net

Dermed gratulerer vi Sekken Ungdomslag med jubileet for ungdomshuset. 100 år som kulturhus, det er noko å vere stolt av. Ja vi gratulerer alle sekkjingar heime og ute!

PIANOINNSAMLINGA går sin gang, og den går bra. Det er ikkje for seint å delta. Om du ikkje har gitt eit bidrag før, så kan du bli med på innspurten no.

Innbetaling til: Sekken Museum -- bankkonto 3910.27.77259 (Spesiell konto for pianoinnsamling, og alt går til ungdomslaget!)


Øystein Eik (tekst og foto)
ID: 169

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar