lørdag 24. desember 2005

Ungdomshus i 100!

Sekken 17. desember 1905: En masse folk var fremmødt. Amtskolestyrer Sand, formann i Romsdal Ungdomssamlag, spillede på orgel flere gode stykker. Han holdt også tale for dagen. Etter talen var der servert kaffe og smørbrød. Sand leste opp flere morsomme stykker. Sangforeningen sang flere sanger. En lenestol blev bortloddet til inntegt for huset. Festen sluttedes kl 2 natt.


Nøyaktig på dagen 100 år etter innviingsfesten var det jubileumsmarkering for «Ungdomsheim» på Sekken, og det var laga ein historikk i tekst og foto. Her tar vi med eit lite utdrag av utdraget frå protokollar med meir og mindre utfyllande og presise referat om hundre års aktivitet i og rundt eit lite forsamlingshus i ei lita bygd.

«Om sommaren 1895 våga nokre menn seg til å kalle inn til skipingsmøte», står det i trettiårsskriftet for Romsdal Ungdomssamlag. I 1896 skreiv referenten frå eit møte: «Bør foreningen anskaffe sig lokale, samt i tilfælde hvorledes kan de fornødne midler skaffes tilveie?» I 1902 blir begrepet husfond lansert. Laget diskuterer lover for forsamlingshuset, og å «søge bygdens hjelp til opførelse». I 1903 var spørsmålet: «Skal vi bygge eller ikke?» Konklusjonen var: «Enig og tro!» Utover vinteren og våre 1905 handlar referata om konkrete ting som stein til mur og tømmer til huset.

Det ti år gamle laget greidde tydelegvis å få «bygdens hjelp til opførelse» og huset var klart til fest ei veke før julekvelden. Historia om eit ungdomshus på Sekken -- som er ein del av den frilynte ungdomsrørsla -- fell godt inn den delen av norgeshistoria som tok til i 1905.

Lagsprotokollane fortel vidare om kvardag og fest opp gjennom åra. «Skal vi bordkle huset? ... Besluttet å kjøpe kaffekjel i lag med avholdsforeningen. ... Hvorledes billigst få opp et vedskjul og WC? ... Skulle en i aar bli nødt til å koste stentak? ... Det arrangeres pakkefest for å få råd til tak.»

I seinare tid har det vore gjort eit omfattande arbeid med vedlikehald, restaurering og utbygging. Både utvendig og innvendig er det hundre år gamle huset nesten originalt. Oppgradering av kjøkkenet er gjort med stor respekt for det gamle. Eit eige bygg ved sida av ungdomshuset inneheld toalett og lager. Huset blir stadig brukt til nesten alt frå diskotek til minnestunder. Ungdomshuset er så absolutt eit grendahus eller samfunnshus, ja rett og slett eit hundre år gammalt kulturhus bygdefolket kan vere glad i og stolt over å ha.

Laurdag 17. desember 2005 likna ikkje så reint lite på laurdagen hundre år før. Jubileumsmarkeringa begynte med familiejulebord. Etter ein velsmakande julemiddag med dessert og kaffe , var det klart for eit to timars program «på huset».

Første programpost var overrekking av «folkegava» -- eit elektrisk piano som var finansiert med bidrag frå innbyggarane og andre som har eit forhold til bygda og ungdomshuset. Sekken Museum tok initiativet og organiserte innsamlinga. Kristine Vestad tok imot på vegne av laget, og tok straks instrumentet i bruk. Etter historikk, sang og musikk, var det tid for helsing og gave frå Romsdal Ungdomssamlag og frå Molde kommune. Så kom Stig Nilsson -- kristiansundaren frå Volda som stadig byr på viser i moll og dur og historier frå sine mange ekteskap. Programmet var ferdig akkurat tidsnok til at trubaduren nådde MF «Edøy» sin siste avgang frå Sekken denne laurdagskvelden.

Eit par timar seinare spela «Blå sko» opp til dans. Litt utpå kvelden kom «sekkja-gutane» på besøk, las «Sekkja-posten» og kommenterte aktuelle hendingar i bygda. Hundre år tidlegare varte festen til «kl 2 natt». Det var vel ikkje så langt unna denne laurdagskvelden heller, og i det store og heile: Ein del har forandra seg frå 1905 til 2005, men jammen er mykje likt!



1. Sivert Sekkenes Westad var programvert og viste stolt fram bilde av jubilanten på framsida av årets «Jul i Romsdal».

2. Trubaduren Stig Nilsson med publikum mellom tømmervegger og talgelys.

3. Gruppa «Berre ein hund»: Mette, Nikoline, Øyvind Jo og Anna Malene -- alle med etternamnet Heimdal Eik.


Øystein Eik (tekst og foto)
ID: 170

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.