tirsdag 21. juni 2005

Sekken Museum inviterer til festival-festival! Sekken møter Vågstranda laurdag 16. juli



Museumslaget slår på stortromma og inviterer alle til kultur og leik ein heil laurdag midt i juli. Slaget på stortromma skjer presis klokka 12.00. Sekken var fram til 1964 med i Veøy herred. Ein spesiell invitasjon går denne gongen til ei av dei andre bygdene i gamle Veøy. Det er berre ei halv mil over fjorden til Vågstranda. I denne nabobygda vår bur det to--tre gonger så mange som på Sekken. Vil alle ta imot invitasjonen og komme? Blir det folketomt på Vågstranda laurdag 16. juli 2005?? Følg med på sekken.net!!!

Styret i museumslaget opplyser at fleire idear ligg til grunn for arrangementet. --- Namnet festival-festival fortel at vi slår på stortromma denne dagen, som det står i programmet. På den andre sida gløymer vi ikkje at dette er eit lite og lokalt nabotreff. Derfor har vi brukt dialekt i plakatteksta. Plakaten ligg her som pdf-fil. Du kan lese meir om dei forskjellige arrangementa etterkvart, og du kan linke deg direkte frå portalsida. Trykk her for å linke til programsidene.

Ein gammal båt blir sentral i arrangement, både symbolsk og reint materielt. Sekken Museum eig ein åtte meter lang båt som kan vere bortimot to hundre år gammal. Museet treng pengar til restaurering av båten. Båt var og er eit sentralt kommunikasjonsmiddel for folket på Sekken, og båt blir eit tema på festival-festivalen.

Meir informasjon kjem etter kvart, og du kan gjerne stille spørsmål og komme med andre innspel.

redaksjonen@sekken.net

Telefon: 975 91 319


Øystein Eik (tekst og foto)
ID: 107

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.