torsdag 19. mai 2005

Morgon i mai - ein rapport frå ferja klokka 07.55



Kom mai du du skjønne og milde, kalde og sure, våte og mørke, strålande lyse og varme - og ikkje minst skiftande og spennande! Vi har prøvd det meste av ver i mai 2005.

Den 19. dagen i mai starta ikkje verst. Den første ladninga med arbeidsreisande kom kanskje til byen med «Grip» i opphaldsver. Vi har ikkje fått inn sikre rapportar om det. Sekken.net sin reisande fotograf denne dagen venta til sjubussen kom, og gikk om bord i «Edøy» klokka kvart over sju. Da var veret fullt brukbart.

Knapt tre kvarter seinare kom vi til bysentrum og ferjekaia i Molde. På turen over hadde vergudane snudd vrangsida til og møtte oss med ein skikkeleg regneling. Dei faste syklistane har visst alltid regnklede på lur, og snart var dei godt innpakka og klargjort for å trø seg fram til arbeidsplassane sine. To fotgjengarar var dårlegare utstyrt. Inne i bilen sin sat ein som hadde det tørt og varmt, men på arbeidsplassen skulle nok også bilisten ut.

Da kom han. Billettkontrolløren! Av med ransel, eller ned med regnbukse og opp med lommebok. Fram med billettar og kort!

Kjære kontrollør: Du blir ikkje spesielt populær på denne måten, men vi veit at du gjer jobben din. Matrosen hadde også gjort jobben sin. Og vi hadde sjølsagt gjort plikta vår. Alle hadde gyldig billett. Meir dramatisk er ikkje denne historia.

Så berre kom med resten av mai, du skjønne ...

(Morgon i mai er forresten tittelen på ein nydeleg sang som er presentert på CD av gruppa Aftenlandet.)

Øystein Eik (tekst og foto)
ID: 86

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.