28.04.2016: Andreas Torhus fikk i 2015 Bygdeutviklingsprisen i Møre og Romsdal. Nå etablerer han seg på Vestad (gnr. 105 bnr. 1 Inste Vestad), og torsdag 28. april 2016 starta pløying av et areal som skal bli jordbæråker. Arealet vest for Sjøvegen på denne eiendommen er nå pløyd.
Det er regionstyret for Innovasjon Norge i Møre og Romsdal som er
jury for prisen. Juryen gir følgande grunngjeving for årets
pristildeling til Skåla Bær AS: «Årets vinner har hatt ein jamn
omsetningsvekst dei siste fem åra. Pr dato sysselset dei 2,5 årsverk
gjennom heile året. I tillegg engasjerer dei ekstrahjelp om sommaren,
både utanlandsk arbeidskraft og skuleungdom. Vinnaren er ein god
representant for sosial og miljømessig berekraft gjennom utnytting av
lokale ressursar og fortrinn som skaper ringverknader i lokalsamfunnet.
Vinnaren står for nyskaping og originalitet gjennom å eksperimentere
med ulike dyrkingsmåtar, og har lykkast med å forlenge sesongen mykje.
Dei kan dermed ta ut ein meirpris i marknaden, ha betre kontroll på
sjukdomssituasjonen, redusere bruk av plantevernmiddel og kan utnytte
«sekunda vare» til produksjon av ferdige produkt.
Prisen er ein bedrifts- og næringsutviklingspris for bedrifter eller
personar som har etablert ei vellykka bedrift eller næring med basis i
bygdene og landbruket sine ressursar. Formålet med prisen er blant anna å
synleggjere gode resultat frå landbruksrelatert næringsutvikling. I
kvart fylke blir det kåra ein fylkesvinnar og desse konkurrerer så om
den nasjonale prisen. (Kopi fra Fylkesmannen i Møre og Romsdal sine nettsider.) Foto: Øystein Eik
mandag 9. mai 2016
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar
Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.