søndag 10. januar 2010

Bål gjorde nytte som fyrverkeri 304 meter over havet

TRANHAUGEN 31. desember 2009 og 1. januar 2010: Då dei to ekspedisjonane frå sør nådde Tranhaugen på slutten av gamleåret, måtte dei innsjå at ein ekspedisjon frå nord alt hadde slått leir på det høgaste faste punktet midt i Romsdalsfjorden.

Alle deltakarane som hadde kjempa seg oppover til 304 meter over havet, fekk oppleve ein spesiell overgang frå det gamle til det nye året.

Ved bålet ser vi Ottar Johannes, Solveig Marie, Inga Marte og Liv Borghild med etternamn Sekkeseter som tok denne turen mens Ole Harald brukte den siste timen av 2009 i kyrkjetårnet. På bildet ser vi vidare: Idun, Trym, Anita og Stig Arne med etternamn Johnsen, og Anna Malene og Nikoline med etternamn Heimdal Eik. Bak kamera: Øystein Eik KLIKK PÅ BILDA for å forstørre.

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.