tirsdag 1. juli 2008

GalleriE: Salgsutstilling med oljemaleri av Ingvar Outzen



Den første festivalutstillinga med Ingvar Outzen var i Mariehuset på Sekken museum sommaren 2006. Den andre var eit uteutstilling på museumshusa sommaren 2007. Sommaren 2008 kan du besøke den tredje Outzen-utstillinga på Sekken. Lokalet er ganske gammalt, men heilt nytt som bildegalleri. Besøk GalleriE i veke 27 og 28.

Tor Verås var invitert for å åpne utstillinga søndag 29. juni kl. 14.30. Da var det folksomt i kjellaren som er nærmaste nabo til muséet. HaTor Verås var i ei årrekke formann i Molde kunstforening. Han er samlar og kunstkjennar.

– De har all grunn til å vere glade for å ha ein kunstnar som Ingvar Outzen i bygda! Vis at de set pris på han, sa Tor Verås etter at han hadde tatt publikum med på ei kort og poengtert orientering om bildekunst gererelt – og ei vurdering av bilda på utstillinga. Mette Heimdal Eik spela to torader ved åpninga, og som seg hør og bør var det servering i stettglas.

Ingvar Øutzen har ni nye oljemaleri på denne utstillinga, og salget er i gang!

Dørene til GalleriE blir åpne underfetivalarrangemena i veke 27 og 28, og ellers kan interesserte gjere avtale ved å ringe 975 91 319 / 996 28 204 eller sende ein e-post til: redaksjonen@sekken.net
 KLIKK på bildet for å forstørre.

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.