fredag 29. februar 2008

MF Sekken er i rute – med blått dekk!

Fredag 29. februar 2008 kl 23.10 klappa MF Sekken til kai på Sekken etter eit tre månaders opphald ved Vegsund Slip AS. Førar Reidar Røren og dei andre om bord gikk frå Sula kl. 18.00 og tok opp ruta frå Molde kl. 22.30.


MF Sekken har no blåmåla dekk, og blir den første ferja i heimefylket som har denne farga på bildekket. – Rederiet har ei ferje i Finnmark som har fått ny dekksfarge i tråd med ny profilering. Grønn i ulike variantar har vore det vanlege. No ønsker vi meir gjennført fargebruk, sa assisterande direktør Frode Ohr til Sekken.net under overleveringa onsdag.

Dermed kom MF Sekken på plass i rute 34 i 24. time på skotårsdagen 2008, og MF Linge fekk eit par timar til overs av si tilmålte tid med sertifikat som bil- og passasjerferje.

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.