onsdag 11. september 2013

Fylkesbiblioteksjef Ellen Kristin Molvær avduka BOKBENKEN

11.09.2013: Fylkesbiblioteksjef Ellen Kristin Molvær hadde eit entusiastisk publikum da ho avduka BOKBENKEN på Bygdetunet. Olivier Ledoux sitt arbeid fekk kraftig applaus. Kunstnaren hadde ikkje anledning til å vere med. Laurdag kjem han for å ta innspurten på arbeidet. Ellen Kristin Molvær fekk applaus for talen sin, og den gjengir vi her.

Eg føler meg veldig beæra over få dette oppdraget. Ein BOKBENK – kva er nå vel det? Ein gjenstand som definitivt kan ha spesiell bruksverdi.
  • Ein stad å kvile med boka si (anten ho er av papir, på lyd eller som ebok – om ho er privat – eller lånt frå bokbåten…)
  • Ein stad å lese, bli klok, reflektere, kombinert med å ta inn naturen…
  • Og kanskje ein stad å møtest og snakke om boka…
  • Kva veit vel eg, denne benken kan sikkert ha eit stort potensiale…
Dette er faktisk andre gong i mitt liv at eg opplever ein bokbenk. Den første gongen var på ei reise i Istanbul, så no er lille Sekken verkeleg i godt selskap og kan nemnast i lag med byen ved Bosporus!

Men skilnaden er nok stor likevel,- benken i Istanbul var fabrikkprodusert, ein av fleire, mimimalistisk og kvit, medan dette er eit verkeleg kunstverk. Denne benken er laga spesielt for å vere her på Sekken og kunstnaren er den franske skulptør og treskjærar Olivier Ledoux – og denne benken finst det berre ein av.

Så no er det vel berre å fjerne innpakninga og sjå kva som skjuler seg her!
Og med dette er bokbenken avduka – og klar for å takast i bruk av folket på Sekken. Eg ønsker dykk lykke til med ein flott benk, som eg håper vil bli brukt flittig av både gamel og ung!

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.