onsdag 3. februar 2010

Kai for hurtigbåten – sak i samferdselsutvalget 10. februar

Nødvendig oppgradering av hurtigbåtkaia må utførast så snart råd er, og blir finansiert over utvalsramme 69 – diverse samferdselsføremål. Administrasjonen får fullmakt til å inngå leigeavtale med grunneigar på Sekken innanfor rammene av føreliggande avtaleutkast.

Dette står i sakspapira til samferdselsutvalget – publisert i dag, 3. februar. Vidare heiter det: Så lenge tiltaket skal utførast på privat grunn, kan vi ikkje nytte investeringsmidlar til finansieringa. Det er ikkje avsatt driftsmidlar i inneverande års budsjett med tanke på dette tiltaket, men vi meiner likevel det burde la seg gjere å finne nødvendig finansiering innanfor utvalsramme 69 – diverse samferdselsføremål.

Samferdselsavdelinga har i dialog med grunneigar og operatør av hurtigbåten fått utarbeidd skisser til nødvendig tiltak på dagens kai som vil ivareta dei fleste omsyn til båt og passasjerar. Tiltaket er no langt på veg ferdig prosjektert og kostnadsrekna, og snart klar for kommunal byggesaksbehandling og tilbodsutlysning. Pga den føreståande tilbodsutlysinga finn vi det ikkje rett å gå ut offentleg med kostnadsoverslaget.

På spørsmål frå Sekken.net presiserer samferdselssjef Arild Fuglseth at det no er nødvendig å finne ei løysing på kaiproblemet, og som han seier: – Det er no opp til politikarane i utvalget å gjere eit vedtak.

BILDET viser eksisterende kai sett fra ferjekaia. Gangveg er planlagt på nærmeste side av trekaia. Foto: Øystein Eik 08.01.2010

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar