mandag 2. mars 2009

Trommelars og 5000 bøker på bokbåten EPOS


– Bokbåten Epos klappa til kai og besøkte Sekken med 5000 bøker søndag 15. februar. Besetninga rapporterte om bra besøk og god stemning. Trommelars fann takt og tone i lag med publikum.

– På tampen av ein lang turne kan vi gle oss over at vaksne og ikkje minst mange unge strøymer til når Epos legg til kai. Med tre-fire stopp kvar dag, blir det gjerne to stopp i vanleg skuletid på kvardagar. Då kjem normalt skule og barnehage i samla flokk. Eter skuletid kan SFO komme. Somme plassar er dei veldig flinke til å markedsføre og organisere. Skulen på Mek i Averøy gjer ein veldig god jobb og er vårt stjerneeksempel på kva ein engasjert, lokal kontakt kan gjere. Andre skular er med litt, og somme bryr seg ikkje. Slik er det, seier Vidar Kursetgjerde, ansvarleg bibliotekar om bord.

Denne rapporten er frå Epos sitt opphald ved kai på Sekken søndag kl. 13.30 – 15.00. – Ein slik dag med fint ver forstår vi godt at mange kan prioritere ein skitur framfor bokbåten. Her er det god plass under programmet, men generelt kan eg seie at vi har hatt eit veldig bra utlån og god stemning under programma. I tillegg til bøkene er vi opptatt av det kulturelle programmet skal vere godt, seier Vidar Kursetgjerde, og legg til at Epos no har eit samarbeid med den kulturelle skulesekken.

Lars Kolstad har stått for sceneprogrammet med «Trommelars og Rytmen som forsvant» på denne delen av turen. Han har utdanning som musikklærar frå  Høgskolen i Bergen, og har dei siste åra arbeidd med trommer og rytmer på heiltid. Hundrevis av skular på Vestlandet har hatt besøk av Lars Kolstad og han har tidlegare vore på bokbåtturne i Hordaland. 

ØYSTEIN EIK  (tekst og foto)

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.