onsdag 4. mars 2009

Avtale mellom fylket og Tide Sjø AS om bruk av månadskort

Møre og Romsdal fylke har inngått tilleggsavtale med Tide Sjø AS slik at passasjerane med hurtigbåt frå Sekken kan reise med månadskort som før.

 

BAKGRUNNEN  er å finne i saksframlegget til samferdselsutvalet sitt møte 4.mars 2009: Innbyggarar på Sekken har sidan hurtigbåten starta å trafikkere øya kunne nytta månadskort kjøpt om bord i ferja på hurtigbåten. Talet på turar mellom dei to transportmidla er svært ulikt og det er utan tvil ferja som blir mest nytta av pendlarane med månadskort. Ut i frå rutetabellen ser ein at hurtigbåten berre har ein tur til Sekken på kvardagane (kl 06.30), medan ferja i alt har 8 turar på kvardagane og 5 turar på laurdag / søndag. Med berre ein tur pr dag med hurtigbåten og resten av turane på ferja er det vanskeleg å finne fram til ein rettferdig delingsmodell for månadskortinntektene mellom dei to selskapa som trafikkerer sambandet Molde – Sekken. Det vil og vere urimeleg for pendlarane om dei må løyse månadskort på begge transportmidla. Vi finn det difor rimeleg at Tide Sjø AS får betalt for passasjerar med gyldig månadskort på ferja i sambandet Molde - Sekken som reiser med hurtigbåt om morgonen. Tide Sjø AS har akseptert halv månadskorttakst for desse passasjerane. Ut i frå tidlegare trafikktal legg vi til grunn at 15 personar nytter hurtigbåt om morgonen og ferje på returen, partane kan krevje dette talet korrigert om det skulle endre seg i løpet av avtaleperioden.


VEDTAK: Samferdselsutvalet godkjenner vedlagte tilleggsavtale mellom Tide Sjø AS og Møre og Romsdal fylkeskommune om betaling for passasjerar med gyldig månadskort på ferja Molde – Sekken og som reiser med hurtigbåt frå Sekken til Molde om morgonen.

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar