tirsdag 28. oktober 2008

Verdig og festleg jubileum for Sekken kyrkje

– Tenk på alle dei menneska som gjennom 100 år har hatt denne kyrkja som si. Eg vågar påstanden at dette er det viktigaste huset på Sekken, sa biskop Ingeborg Midttømme da ho søndag tala i Sekken kyrkje.


Folket på Sekken og mange tilreisande samla seg til gudsteneste og jubileumsfest. Under gudstenesta gjorde sokneprestane Magne Furuseth og Tormod Remøy teneste. Tidlegare prestar og andre med tilknytning til Sekken kyrkje var spesielt inviterte. Hyggelege gjensyn og oppfrisking av gamle minne var ein vesentleg del av jubileumsfeiringa for mange. BILDET:  Biskop Ingeborg Midttømme tala for ei fullsett Sekken kyrkje.

Før sjølve gudstenesta tok Just Ove Westad forsamlinga med på ein gjennomgang av historia –frå forfedrene sitt arbeid som resulterte i innviinga av Sekken kapell 28. oktober 1908 fram til jubileet for Sekken kyrkje 26. oktober 2008. Soknerådet kunne denne dagen også presentere festskrift for Sekken kyrkje. Solveig Eik, Kjellaug Rekdal og Gerd Jorunn Westad har utført arbeidet med å samle hundre års historie formidle denne i eit fint hefte. Under jubileumsfesten på Sekken oppvekstsenter framførte Jostein Eik prologen sin som eit streiftog gjennom kyrkja si historie. Bildet: Laila Elnes Bielachowicz (t.v.) delte ut rosande omtale og blomsterbukettar til Gerd Jorunn Westad, Kjellaug Rekdal og Solveig Eik som har laga festskriftet til Sekken kyrkje.


Varaordførar Toril Hovdenak helsa frå Molde kommune. Ho uttrykte glede over at historia kom så tydeleg fram på denne dagen. Kari Sandvik helsa frå Molde menighetsråd og Bolsøy menighetesråd. Erling Nerland som møtte kyrkjelyden på Sekken første gongen i 1973, fortalte om sitt virke som sokneprest og om mange turar over fjorden i lag med den legendariske organisten Rikke Flokvikholm. BILDET: Biskop Ingeborg Midttømme, varaordførar Toril Hovdenak og kantor Leif Olav Sundsbø under jubileumsmiddagen.


Kjøkkenpersonalet skal ha all ære for rømmegrauten som såg ut til å falle i smak hos både lek og lærd. Takk og ære for eit strålande jubileumsarrangement blei også delt ut til, serveringspersonalet, Søndagskolekoret, Sekken Skolekorps med dirigent Leiv Skeidsvoll, organist og pianist Leif Olav Sundsbø – og alle andre som har bidratt på ulike måtar med programinnslag og praktisk arbeid. Den som presenterte programinnslaga på ein fast og samtidig ledig måte var Laila Elnes Bielachowicz. Sekken sokneråd kan sjå tilbake på ei verdig og festleg jubileumsmarkering med stor oppslutning av unge og eldre. Den yngste deltakaren var Erlend Nikolai Celius – som feira jubileet med å bli døpt i Sekken kyrkje.

ALLE FOTO: Øystein Eik

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.