tirsdag 1. juli 2008

Holmemstranda il TRIAL laga festivalshow!


Seks unge ungdommar frå Holmemstranda imponerte stort da dei besøkte Sekken og åpna Midtfjordsfestivalen 6418 søndag 29. juni. (KLIKK på bilda for å forstørre og bla frå bilde til bilde.)

Som annonsert var dei i gang presis klokka 14. Over ein gammal bil, over paller og ein innlånt traktortilhengar gong på gong – heilt til dei fekk beskjed om at no kunne publikum ta turen bort til kaféen på museumsplassen og til GalleriE i nabohuset. Etter ei matpause var det ny runde med motorsykkellyd og imponerande kjøring med sats og balanse. I denne sporten er det ikkje farta som tel. Holmemstranda il TRIAL – med Asbjørn Fagervik i spissen – fekk kraftig applaus frå eit entusiastisk publikum – ein strålande sommardag.


Frå venstre: Mads Håseth, Pål Staurset, Cato Stornes, Ole Jørgen Vågan, Rune Fagervik og Jo B. FOTO: ØYVIND JO EIK

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.