lørdag 1. mars 2008

Folkefest for ferjevenner om bord i MF Sekken

Laurdag 1. mars 2008: Stemninga var stor da sekkingar og andre ferjevenner samla seg om bord for å ønske MF Sekken velkommen til rute 34 Molde – Sekken. Arrangementet starta straks ferja klappa til kai i Molde kl. 14.15 og var vel gjennomført ved avgang kl. 15.15.


Fjord1 MRF spanderte festpynta marsipankake og stilte med nyoppussa festloka. Sekken stilte med kaffe, blomster, arrangør, feststemt publikum – og ikkje minst korpsmusikk! KLIKK på bilda og bla frå bilde til bilde.



Ei stor forsamling manøvrerte seg fram til kakebordet midt i salongen.

Anker Grøvdal fekk mikrofonen, konstaterte at sekkingane passar på å lage til fest når ferjer går ut og kjem inn i rute 34, og stilte spørsmålet: – Har eit ferjebytte i Møre og Romsdal vore feira så grundig før? Administrerande direktør i Fjord1 MRF uttrykte ønske om og tru på at MF Sekken blir ei god ferje for sekkingar og andre brukarar i mange år framover.

Glenn Sandberg fortalte kort om prosessen med ombygging av ferja så langt, og trekte opp linjene for det som skal skje vidare. Teknisk sjef i Fjord1 MRF har følgt ombygginga av ferja gjennom heile prosessen og har hatt eit nært samarbeid med Vegsund Slip AS, arkitekt og underleverandørar. Han fekk også applaus frå forsamlinga i salongen.

Solveig Marie Sekkeseter og Mikal Midtbø er aspirantar i Sekken skolekorps. Begge bur nær ferjekai og vil ha eit nært forhold til MF Sekken, og Mikal er medlem av ein ferjefamilie. I lag med skipperen utførte dei ei symbolsk handling med «snorklipping» ved landgangen for å markere at MF Sekken no offisielt er inne i rute 34. Så slo korpset til med Congratulations, og MF Tresfjord helsa med si kraftige fløyte. MF Romsdal passa også på å fløyte ved avgang 14.15. (Om bord i MF Tresfjord var det styrmann Fridthjof Køhn helsa med fløyta, og på MF Romsdal var John Harry Kvalshaug, som også har ført ferja sekkjaferja. Alle har ein link til Sekken, og slikt går ikkje Sekken.net hus forbi.)
Korpset spela deretter blant anna «Herdebreimarsjen» av Arnold Farstad, som også var med på feiringa. Nikoline Heimdal Eik sang og Randi Vikhagen dirigerte korpset.

Til slutt delte arrangøren ut ei bøtte med blomster. På vegne av seg sjøl og ferjemiljøet fekk desse kvar sin bukett: Teknisk sjef Glenn Sandberg, førar Reidar Røren, maskinist Olav Vikhagen, matros Camillia Berg og korpsdirigent Randi Vikhagen.

Av Øystein Eik (tekst og foto)
ANDRE OM FERJEFEST:
NRK Møre og Romsdal: http://nrk.no/nyheter/distrikt/more_og_romsdal/1.4980621
FLEIRE FOTO






 (Du kan også sende dine foto til redaksjonen@sekken.net)

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.