onsdag 27. februar 2008

Stilig overlevering av MF Sekken frå Vegsund Slip AS

SULA: Vegsund Slip AS overleverte i dag MF Sekken til Fjord1 MRF. Den nye salongen var pynta til fest da verftet tok imot gjestene kl. 12.00. Her var fagfolk som har utført det praktiske arbeidet, administrasjon, representantar for underleverandørar, mannskap, representantar for rederiet og media samla til servering, orientering, blomsteroverrekking og helsingar. Oppdragsgivaren sa seg strålande fornøyd med arbeidet som er uført. Ferja er venta inn i rute 34 Molde – Sekken laurdag 1. mars. 




BILDET: Førar Reidar Røren med blomster frå dagleg leiar Nils Kristian Drønnen ved Vegsund Slip AS.


Verftet sine folk og mannskap frå ferja har arbeidd på spreng for å bli ferdig, for fredag 29. februar er absolutt siste dag for MF Linge som bil- og passasjerferje. Den går snart sørover til Hordaland med ny eigar. Ein del oppussingsarbeid utvendig på MF Sekken må utsettast på grunn av mykje dårleg ver i vinter. Dette vil bli tatt igjen ved årleg vedlikehald til hausten. Neste år skal ferja etter planen få eit fullstendig nytt framdriftssystem, og rederiet vil gjennomføre andre tiltak slik at ferja framstår som ny.

Nils Kristian Drønnen, dagleg leiar ved Vegsund Slip AS, ønskte representantar for Fjord1 MRF og andre gjester velkomne til ei bedrift som har utført mange store og mindre oppdrag for rederiet i over tretti år. I fjor var 18 ferjer og to hurtigbåtar inne til reparasjon og vedlikehald, og dei siste vekene har fire MRF-ferjer vore under arbeid der.



BILDET: Teknisk sjef Glenn Sandberg og assisterande direktør Frode Ohr konstaterer at MF Sekken har fått ein fin salong. I bakgrunnen blir administrerande direktør Anker Grøvdal og representantar for verftet intervjua og fotografert av Sunnmørsposten.  KLIKK på bildet for å forstørre og bla til neste bilde.


Glenn Sandberg, teknisk sjef i Fjord1 MRF, orienterte om arbeidet og sa seg fornøyd med både samarbeid og resultat. Anker Grøvdal, administrerande direktør, delte ut den eine blomsterbuketten etter den andre – og kort sagt var det berre rosande omtale frå alle. Direktøren kom også inn på namneskiftet, og kunne med meir eller mindre alvor røpe at: – Det var ikkje lett å få gjennom eit namneskifte på denne ferja. Styreleiaren er frå Hareid …

Laurdag 1. mars skal sekkingar og andre ferjevenner lage velkomstfest for MF Sekken. Det skjer ved kai i Molde, og da er «gamle Hareid» definitivt ferjehistorie.



BILDET: Olav Vikhagen (t.v.) og Audun Raknes har jobba hardt i maskinrommet med full overhaling av Wichman  som har stått i ferja frå byggeåret 1973.

ØYSTEIN EIK (tekst og foto)


2007/2008/02/20080227_100_mf_sekken_overlvering.jpg|||0||bottom||
2007/2008/02/20080227_58_mf_sekken_overlevering_u.jpg|||0||bottom||
2007/2008/02/20080227_47_mf_sekken_overlevering.jpg|||0||bottom||
2007/2008/02/20080227_33_mf_sekken_overlevering.jpg|||0||bottom||

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.