mandag 18. februar 2008

MF Sekken skal vere på plass i rute 34 før 1. mars!

Somme spør: – Når kjem nyferja? Er arbeidet i rute?
Andre påstår: – Ho blir ikkje ferdig i februar, nei! 
Fjord1 MRF opplyser: – MF Sekken skal inn i rute 28. februar, og da skal MF Linge ut av rute 34. Godkjenninga på vikarferja går ut ved månadsskiftet, og da den erstattast med ny ferje. Vi meiner bestemt at dette skal gå som planlagt. Det seier teknisk sjef Glenn Sandberg.


Glenn Sandberg fortel vidare at MF Sekken rett nok ikkje får all planlagt vedlikehald utvending i denne omgang. Grunnen er stort arbeidspress på slipen – med fire ferjer der samtdig – og ikkje minst svært dårlege verforrhold den siste månaden. Dette arbeidet blir fullført ved åreleg verkstedopphald på seinhausten.
UNIVERSELL UTFORMING: Det blir arbeidd med planer for å oppfylle krav og helst gå lenger enn krava gjeld for å gjere tilkomsten lett og reisa komfortabel.  Sekken.net kjem snart tilbake med meir om dette.



FOTO frå Vegsund Slip AS onsdag 30. januar 2008: Øystein Eik / Sekken.net (Klikk på foto for å forstørre.)
2007/2008/02/20080130_77_gamle_hareid_blir_nye_sekken.jpg

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.