mandag 21. januar 2008

Tomt fjøs: Ei epoke er over på garden Inste Vestad


21. januar 2008 er ein merkedag i garden Inste Vestad si historie.
Ein lang tradisjon med husdyrhald og mjølkeproduksjon er slutt.


Drifta har vore basert på 18 årskyr. Frank Harald Vestad (t.h.) tok over garden i 1989. Dei siste åra har han hatt fast arbeid i byen i tillegg til gardsdrifta. På garden bur han no i lag med Tove Mette og to barn.

Svein Harald Vestad blei født på garden i 1937. Han var aktiv den tida farfaren hadde garden, dreiv den i lag med faren og så på eiga hand i mange år – og har heile deltatt aktivt i gardsarbeidet dei 19 åra sonen har vore eigar og drivar.

Her er dei to fotografert etter siste kveldsstellet søndag 20. januar 2008. I dag er det stille i fjøset på Inste Vestad. Eigaren har ikkje bestemt seg for korleis jord og driftsbygning skal utnyttast i tida framover, og seier til Sekken.net at vil bruke tid på å utvikle idear for nye driftsformer.

Øystein Eik (tekst og foto)  – redaksjonen@sekken.net
2007/2008/01/20080120_inste_vestad.jpg|||0||bottom||

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar