fredag 25. januar 2008

Storm rundt ferja – bestill gratis trafikkmelding for rute 34

Dei siste vekene har det komme ein storm av forslag til nytt namn på ferja vår. Denne stormen har lagt seg og namnet på den nye ferja blir «Sekken». Men no stormar det òg rundt vikarferja – i bokstaveleg forstand.

Rute 34 har vore innstilt både i går og i dag (fredag) grunna sterk storm. Sekken.net anbefaler alle å melde seg på trafikkmeldingstenesta til MRF, som gir passasjerar gratis trafikkmeldingar til mobiltelefonen via SMS. Rederiet tilbyr sjølvsagt denne meldingstenesta for alle ruter. Ved å abonnere på meldingar som gjeld rute 34 blir du oppdatert på ferja mellom Molde og Sekken og hurtigbåten M/S Grip. Klikk her for å melde deg på.



0 kommentarer:

Legg inn en kommentar