søndag 27. januar 2008

Om ei ferje (igjen), ein bokbåt, ein glaskontainer, ver og vind

STORT og smått laurdag 26. januar 2006: Denne dagen er det stille etter stormen, men det blir meldt om ein full glaskontainer på ferjekaia. Redaksjonen sender eit tips om dette til RIR.


OPPDATERING 28. januar: Klokka 08.33 mottar redaksjonen e-post fra RIR: «Melding er mottatt og vi ber nå Miljøservice om å tømme den.» 



Vegvoktaren skrapar snøsørpe av vegen, ferja kjem og går, bokbåten «Epos» kjem og går og ein bil sklir av vegen i Seternesdalen. To dagar før, under ei kraftig stormbyge, sklei bussen av vegen ved bedehuset og eit lite drivhus på Eikahaugen blei knust til pinne .... pinnealuminium. Stor dramatikk var det ikkje, men vi nemner det.





«Epos» fekk ikkje så veldig mange på besøk denne dagen. Kanskje la ver og føreforhold ein dempar på lysta til å fare ut ein laurdagsettermiddag? Kanskje fleire ikkje såg den store bokbåtplakaten i plakatjungelen på oppslagstavla? Det skjedde med Sekken.net sin inne- og utegåande reporter. (Bokbåten burde kanskje redusere størrelsen på plakaten og heller fange blikket vårt med andre effektar?)

Blikket vårt fanga eit rasteplassbord av eldre modell på ferjekaia. Det har fått avlasting av to andre benkebord av nyare modell.


Sylteglasa våre fekk såvidt plass i glaskontaineren. Den er ganske full no. Flasker og glas begynner å dette ned på grusen. Hallo! Kor er du som skal komme og tømme? Har du fått beskjed? Er det RIR som skal ha melding?

Fotoapparatet blir også retta nedover Brauta før fotografen tar kveld. Stor flo og storm gjorde ikkje nemnande skade i dette området. Båthamna greidde seg fint. Den halvferdige garasjen i Skrubbeteigen står godt, og det samme gjeld stallen under oppføring ved Vestadgrova. På gnr. 104 bnr. 6 (neri Haua) går det stadig framover med nyhuset.



Av Øystein Eik (tekst og foto)

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.