torsdag 17. januar 2008

Festleg?! Ein kommentar om promillehumor

«Men har det ikke vært et par fester der tidligere, da?» Ein humoristisk(?) kommentar og eit retorisk spørsmål frå ein anonym mobiltastar på den berømte baksida av Romsdals Budstikke måndag (14.01.2008) når truleg ut til mange fleire lesarar enn journalist Eirik Heen si positive og informative reportasje i laurdagsavisa. Slike små stikk blir lest av alle og har stor gjennomslagskraft.
Etter å ha brukt mange kveldstimar i lag med entusiastiske samarbeidspartnerar på arrangementet om bord i MF Edøy fredag, er eg glad for at dei aller fleste tilbakemeldingane har vore positive. Som uttrykt av fleire: Verdig avskjed med ein gammal slitar.

Ja, eg veit det, ein snart seksti år gammal båt har begrensa evne til å tenke og bry seg med kva folk seier og gjer. Gode, gamle MF Edøy las nok ikkje dagens Budstikke den dagen ho blei tatt ut av rute 34 Molde – Sekken. Grunnen til at eg skriv desse linjene er tanken på alle dei menneska som slike små kommentar kan ramme.

Søndag 7. august 2005 «blåste mannskapet rødt» da politiet etter tips gjennomførte promillekontroll om bord i MF Edøy – etter første tur frå Sekken til Molde denne dagen. Dette er ei kjent og trist sak. Hendinga har også vore grunnlag for ein god del «folkehumor».

Eg var blant dei som meinte at Fjord1MRF og politiet reagerte korrekt, og eg meinte at dette mannskapet måtte vere ferdige om bord i MF Edøy. Her og no skal eg ikkje kommentere reaksjonane mot skipper og matros. Derimot vil eg gi uttrykk for nokre tankar som knytter seg til maskinisten og korleis ei hending kan ramme enkelte meir enn hardt nok.

Tilfeldigvis møtte eg maskinisten utafor rettslokalet rett etter at hans sak var behandla. Han formulerte seg omtrent slik: – Eg har vore med på noko dumt. MF Edøy er ein fin arbeidsplass og eg likte meg i lag med folket på Sekken. Det er vondt og sjå kor stor belastning dette er for familien min og andre rundt meg. Eg angrar og eg ber passarsjerar, kollegaer og rederi om unnskyldning. Gjort er gjort, og eg beklager det som skjedde.

Fjord1 MRF har ei ryddig linje når det gjeld alkohol og arbeidstid: Nulltoleranse. Eg trur dette er den einaste rette linja. I mitt halvlange liv har eg ikkje alltid halde meg på den beine og smale sti, og prøver derfor å ikkje dømme for raskt og hardt om andre gjer ein liten sleng av og til.

Midt oppe i avisoverskrifter som «Fyllekjørte med ferje», radio- og TV-sensasjonsoppslag, tekst-TV og nettaviser som surra og gikk heile denne søndagen midt i agurktida sommaren 2005 sto ein maskinist på ei lita ferja med 0,2 i promille. Han blei dømt og måtte forlate arbeidsplassen sin. Ein månad tidlegare på sommaren blei den aktuelle promillerensa senka frå 0,5 til 0,2 promille. Eg er ikkje ute etter å bagatellisere, og eg trur rederiet tok vare på denne medarbeidaren ved å tilby anna type arbeid på ei anna ferje. Likevel: Det er grunn til å tenke over kor lite som skiller mellom å bli straffa og å gå fri. Enkelte gonger kan det vere nokså tilfeldig kor du landar, og det kan kjennest urettferdig.

MF Edøy har gått ut av rute 34. Det kan vere tid for å legge bak seg uheldige episoder, la gamle synder kvile, spare litt på humor om traumatiske hendingar – og tenke seg litt om før ein strør salt i sår.

Personleg ville eg ikkje ha reagert negativt om rederiet fann plass på ei ny ferje i rute 34 til ein maskinist som tre år tidlegare blei målt med 0,2 i promille mens han hadde vakt.

Øystein Eik (som privatperson)
---
Øystein Eik – redaksjonen@sekken.net
Telefon/SMS: 975 91 319

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar