søndag 25. februar 2007

Tid for ny vurdering: Må ferja gå til bysentrum?

Sekken tiltaksnemnd hadde for tjue år sia ei kommunikasjonsgruppe som arbeidde både med dagsaktuelle oppgaver i bygda og meir langsiktige spørsmål omkring kommunikasjon mellom Sekken og fastlandet. I 1987 var Skålavegen under planlegging, og tunnel under Langfjorden var berre ein ide. Året 2007 var langt inn i framtida.
Kommunikasjonsgruppa fanga opp tankar omkring fastlandssamband for Sekken med eventuell gjennomfartsveg, og utvikla desse vidare. Gruppa meinte og at det var tid for å tenke alvorleg gjennom spørsmålet: Skal ferja fortsette å gå frå Seterneset til bysentrum, eller kan folket på Sekken like gjerne reise andre vegar?



I rapporten kan vi først lese litt historikk og oppsummering av situasjonen i 1987.

TILBAKEBLIKK Sekken har frå gammalt av vore ein sentral buplass. Sjøen rundt øy har ikkje alltid vore eit stengsetl. Tvert imot var den i lange tider viktigaste ferdselsåre. Segl og årer blei i si tid avløyst av motorar. I 1961 fekk rutebåtane «Trygg» og «Måna» avløysing av bilferje, og sambandet med fastlandet har med åra blitt betre. I 1982 starta prøvedrifta med hurtigbåt i morgonrute, og i februar 1984 tok MRF ansvaret for båtruter morgon og ettermiddag (deling 50/50 med Molde kommune) i tillegg til bilferjerutene.

KVA VIL FRAMTIDA BY OSS? Dette spørsmålet var utgangspunktet for at kommunikasjonsgruppa la opp til en grundig diskusjon om fastlandssamband. Tankane hadde vore lufta frå tid tid til anna, men Sekken var i ei årrekke i ein svært pressa situasjon på grunn av dårlege ruter for dei som reiste til fastlandet på arbeid kvar dag. All energi gikk med til å kjempe frå dag til dag.

NY TEKNIKK gjorde undersjøiske tunnelar meir aktuelle, og eit vegsamband til erstatning for ferja Sølsnes - Åfarnes blei meri aktuelt. Dermed var det tid for Sekken å snakke seriøst om veg til fastlandet. Sekken ville få ferja for seg sjøl når Bolsøya blei landfast. Men ville det nødvendigvis bety særleg betre rutetilbod for Sekken? Kva med hurtigbåten? Kunne vi stole på at politikarane ville prioritere oss høgt nok i framtida?

VEG • BRU • TUNNEL  til fastlandet. Gruppa konstaterte at det var naturleg å sjå austover når ein skulle tenke vegsamband mellom frå Sekken til fastlandet. Det første vi møter er eit sund på vel 500 meter mellom Sekken og Hangholmen. Frå Hangholmen er det 200 meter til Veøya, som er 2 kilometer lang. Da står det att 1,2 kilometer forbi Fyrholmen og Skjeret til Sølsnes. Her er det ikkje djupare enn at det kan vere snakk om å bygge veg på fylling.

Gruppa fekk hjelp frå Statens vegvesen til kalkulere veg og bruer mellom Sekkenes og Sølsnes. [Bru mellom Sekkens og Hangholmen, og mellom Hangholmen og Veøya, veg over Veøya og fylling frå Veøya til Sølsnes]. Prislappen blei i 1987 sett til 190 mill. kroner.

Ved bruk av erfaringstal frå andre prosjekt kom gruppa fram til eit overslag på 150 mill. kroner kroner for ein tofelts tunnel på 5 kilometer frå Sekken til ein tunnel under Langfjorden.

Med desse tala meinte gruppa at det var god grunn til å «dukke under» spørsmål omkring inngrep i naturen på Veøya. Ein tunnel såg ut til å vere den klart rimelegaste løysinga. Dette var altså i 1987, og ei forutsetning var direkte og enkel tilknytning til ein tunnel under Langfjorden.

TVERRSAMBAND «Som kjent har tanken om tverrsamband mellom nordsida og sørsida av Romsdalsfjorden - om Sekken - vore kasta fram. Kommunikasjonsgruppa rekna dette som eit interessant prosjekt i starten. Dersom det var vilje til dette på begge sider av fjorden, ville veg til Sekken komme som eit resultat av ein gjennomfartsåre.

Hittil har ideen fått liten respons, og blir vel av fagfolk rekna som lite aktuell i dag. (Kortaste avstand frå Sekken til sørsida av fjorden er ca 3 kilometer, med djupner på vel 400 mete.) Vi meiner likevel at det er rett å ha dette alternativet med i vurderinga av vegsystemet i distriktet. Ein slik gjennomfartsveg ville sjølsagt verke mykje sterkare på Sekken som lokalsamfunn enn berre ei tunnelarm.

Gruppa har formulert sitt syn slik: Poenget for Sekken er å få veg til fastlandet. Dersom det viser seg at vi må ta med gjennomgangstrafikk på kjøpet for å få vegutløysing, så må vi vere villige til å ta ulempene som følger med. Eit slikt tverrsamband har ikkje vore seriøst diskutert, og gruppa vil ikkje gi seg ut for å vere fullt ut representativ for folkemeininga på dette punktet.» (Sitat frå rapporten datert 08.09.1987.)

FRÅ SEKKEN TIL FERJEKAI VED SKÅLAVEGEN?  Kommunikasjonsgruppa la i 1987 og (og ikkje minst) opp til ei drøfting av situasjonen den dagen Skålavegen skulle stå ferdig (24. mai 1991). Signala gikk ut på at Sekken da skulle få disponere ferja etter eige ønske - innafor ei viss åpningstid og med ei lengre pause midt på dagen. Frå MRF var det underforstått at hurtigbåtruta ville bli lagt ned. Det blei og snakka meir eller mindre offisielt om innkorting av ferjestrekninga. Kommunikasjonsgruppa såg det som si oppgave å sette i gang ein diskusjon mens det var tid til å delta i ein beslutningsprosess.

Gruppa såg på to alternativ til dagens ferjeopplegg:
– frå Seterneset (som i dag) til ei ny ferjekai på Bolsøya (ved Skålavegen)
– frå Sekkenes (ny ferjekai) til Sølsnes (ferjekai, riksveg)

På eit diskusjonsmøte på ungdomshuset (i 1987) la kommunikasjonsgruppa fram argument for og mot alle tre alternativa, og la vekt på ei nøkternt og balansert framstilling.

Bygdefolket som deltok på møtet gav lite støtte til alternativet med ferjekai på Bolsøya.

Fleire såg derimot fordeler ved ferjerute til Sølsnes / Nesjestranda, ikkje minst fordi alternativet ville gi den kortaste reisetida om bord i ferja. Andre såg på denne reisemåten som ei svært dårleg løysing.

Konklusjonen på møtet var at folket på Sekken var best tent med ferjeruta (Seterneset - bysentrum) slik den var i 1987. Skulle det likevel bli aktuelt med ei omlegging, ville innbyggarane vere med på prosessen frå starten.

KOMMENTAR I 2007 Så langt har vi tatt med utdrag frå rapporten som blei laga i 1987. Somme vil kanskje tenke at mykje er forbløffande likt i dag. Ideen om ei kryssing av Romsdalsfjorden på denne måten hadde ikkje vore drøfta på Sekken i særleg grad før dette. Som kjent har det lokalt vore jobba mykje med «Sekkfast» etter at tiltaksnemnda arrangerte eit folkemøte i april 1998. Så langt har det vore tungt å vinne gehør hos regionale og sentrale styresmakter.

Ein del har endra seg på desse 20 åra etter at bygdefolket sa si meining om ferjealternativ på grunnlag av rapporten som gruppa laga. Eit argument mot å komme på land andre plassar enn bysentrum var bompengar på Skålavegen. Det momentet er borte no.

I 1987 rekna gruppa med at det ville gå ferje mellom Sølsnes og Åfarnes i mange år framover, og tok utgangspunkt i det ved vurdering av eventuell ny ferjestrekning. Også i 2007 går bussruter og anna trafikk over ferjekaia på Sølsnes, og ingen veit når ei ferjefri kryssing av Langfjorden blir realisert. I dag er det likevel endå meir aktuelt enn i 1987 å vurdere andre landingsplassar på fastlandet enn ferjekaia på Sølsnes.

Utviklinga på Sekken og i resten av samfunnet gjer at det er tid for å ta ein grundig og sakleg gjennomgang av dette spørsmålet: Er folk flest og Sekken best tent med at ferja går til bysentrum som i dag - eller kan ei kortare ferjestrekning til fastlandet gi meir positiv utvikling for lokalsamfunnet?

Tiltaksnemnda har lufta spørsmålet i tjueårsperioden frå 1987, men det har aldri blitt ein real diskusjon av det i bygda. Interessene til dei som reiser til og frå arbeid på fastlandet kvar dag har alltid vore tillagt stor vekt ved omlegging og justering av ferje- og hurtigbåtrutene. Slik bør det også vere i framtida. Men alle som reiser til og frå øya har interesse av god kommunikasjon, og alle har rett til å komme med sine synspunkt. Sakleg meiningsutveksling er av de gode. Diskusjon er positiv så lenge den bidrar til å få fram nye sider ved ei sak.

Både før og etter gjennomgangen i 1987 har det vore snakk om innkorting av ferjestrekning ved flytting av ferjekaia vestover på Sekken. Dette er kanskje eit aktuelt alternativ, og i alle fall fortener det ei seriøs vurdering igjen. Det same gjeld eit alternativ med ferje frå eksisterande ferjekai på Sekken og kortaste veg til fastlandet – dvs Nesje (lengst vest på Nesjestranda).

Alle som bur på Sekken, alle som har fritidshus her og alle andre som har eit aktivit forhold til øya har god grunn til å delta i diskusjonen om lokalsamfunnet si framtid. Vi har tid til å ta ein ny, grunding og fordomsfri gjennomgang av fordeler og ulemper ved ulike alternativ, og det er ikkje så dumt å lytte til andre sine meir eller mindre fornuftige synspunkt før vi konkluderer.

Tiltaksnemnda har tidlegare gitt uttrykk for at den gjerne tar imot innspel om framtidig kommunikasjon, og redaksjonen i Sekken.net oppfordrer med dette alle til å bidra.

Sekken.net vil gjerne formidle spørsmål og synspunkt. Send gjerne kommentar til denne artikkelen i ein e-post til: redaksjonen@sekken.net   Du kan også bruke gjesteboka for å sende ein liten kommentar.

Eg som skriv denne artikkelen var med i den omtalte gruppa som vurderte alternativ. Den gongen hadde eg inga sikker oppfatning av kva som ville tene Sekken best. I dag er eg heller ikkje sikker på dette. Personleg lever eg bra med dagens ruter. Men ser ikkje bort frå at fordelene med ei andre løysingar kan vere større enn ulempene, og det er grunnen til at eg henta fram rapporten frå 1987 og presenterer innhaldet i ein nedkorta versjon her.

Medlemmer i kommunikasjonsgruppa som la fram rapporten i 1987 var: Ansgar Fenstad, Ketil Vestad og Øystein Eik.

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar