lørdag 27. januar 2007

Vinterver med variasjonar

Den aller siste tida har det vore mindre fokus på klimaendringar og dystre verutsikter for framtida. Som kjent skal det ikkje mange dagar med varme til før vi gløymer klagene over kaldt og surt ver – og omvendt. Sekken og omland har i skrivande stund skikkeleg vinterver. Ja, det er vel akkurat slik vi meiner at normalt januarver skal vere.

Redaksjonen i Sekken.net er ikkje meir enn passe oppdatert på verstatistikk, men vi kan i det minste opplyse om (eventuelt minne om) at dei siste dagane i januar 1986 var spesielt snørike. Da blei idrettslaget hyra inn for å måke av taket på skulen.
Klikk her for album
Dette er ein liten fotorapport frå Sekken. Kveldsbildet frå Brauta blei tatt onsdag 24. januar klokka 17.00. Det andre bildet frå Brauta viser at godsruta måtte ha litt assistanse for å komme seg opp fredag 26. januar. To foto frå ferjekaia søndag 28. januar fortel at 1) Det var bra med trafikk til byen klokka 1645 og 2) Brit og Arild Vestad fann bilen sin nedsnøa da dei kom heim frå Oslo. Dei kunne ellers fortelje at det var heilt andre verforhold i hovedstaden, der dei hadde vore på besøk hos Brynhild.

Med dette oppfordrar vi alle til å sende ein liten (ver-)rapport til: redaksjonen@sekken.net Ein spesiell invitasjon går nettopp til Brynhild Vestad.

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.