torsdag 11. januar 2007

Info frå MØTEPLASSEN • SEKKEN MUSEUM



Anna Malene Eik blir festivalsjef i 2007. Her slappar ho av i lag med kvalpen Kajak, som nå er Rønnings Felix.

I september 2006 sendte styret i museumslaget ut eit brev til alle husstandane i bygda. Fram mot jul blei Museumsmagasinet nr 1 sendt ut til alle i bygda og alle som har fritidshus på Sekken.

Museumsmagasinet var først og fremst eit tilbakeblikk på 2006. I brevet retta styret også blikket framover mot det som kan skje i 2007. Redaksjonen publiserer her brevet (oppdatert) som ei orientering frå Sekken Museum – først og fremst om årets festivalplaner.


TIL alle på Sekken og alle som deltok på MØTEPLASSEN 2006

Takk til alle (aktørar og publikum) som på ulike måtar deltok på under årets kulturfestival. TAKK til alle som kjøpte lodd i årets sommarlotteri. (Med gevinst i gave frå Ingvar Outzen er det økonomiske resultatet kr 6.380,– netto.) TAKK for godt besøk og kjempefin respons på utstillinga.

Sommarsesongen på museet blei avslutta fredag 18. august med besøk av barnehage og skule. Også utover hausten kom det besøk av enkeltgjester og grupper.

MØTEPLASSEN kulturfestival vil neste år strekke seg over to veker: ca 1.– 14. juli 2007. I helgene blir det både dag- og kveldsarrangement, mens det midt i vekene stort sett blir berre kveldsarrangement – og det blir kanskje fleire «frikveldar» uten arrangement. Kafe (alkoholfri) på dagtid og tidleg kveldstid og ei festivalkro (med øl- og vinservering) utover kvelden kan bli sentrale møteplassar neste sommar – kanskje også før og etter festivalen.

Anna Malene Eik er festivalsjef for 2007 med hovedansvar for planlegging og gjennomføring. Ho studerer no folkemusikk (med historie og formidling) ved Høgskolen i Telemark, avdeling Rauland. Ein stor del av sommarferien sin i 2006 brukte ho til gratisarbeid for museet i heimbygda, og ho gler seg til ein ny aktiv museumssesong – og MØTEPLASSEN som eit kulturelt og ikkje minst sosialt forum.

INVITASJON TIL SAMARBEID Styret inviterer med dette enkeltpersonar, lag, institusjonar, firma – kort sagt alle interesserte – til å komme med innspel i form av idear generelt, forslag til samarbeidsprosjekt, innhald og utforming av denne møteplassen for alle heiltids- og deltidssekkingar sommaren 2007. Det vil vere nyttig å få eit signal om interessa for samarbeid før møtet. Du kan delta med ein begrensa dugnadsinnsats neste år, eller du kan involvere deg meir og vere med på å bestemme om MØTEPLASSEN skal vere eit viktig trivselstiltak for oss som er her og eit arrangement som markedsfører bygda vår positivt.

(Styret i museet beklager dersom ikkje alle aktuelle fekk Museumsmagasinet tilsendt i ei hektisk førjulstid, og tar gjerne imot tips som kan gjere adresselista meir fullstendig.)

Telefon/SMS: 996 28 204
 
SEKKEN MUSEUM
Styret v/Øystein Eik

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.