onsdag 3. august 2005

Bak mange blånar

Okseneset ligg nærast, og langt der inne ser du Måndalen. Imellom ligg to markerte nes -- og dei ligg nesten på linje når du står på Sekkenes.



Her på Sekken kallar vi gjerne heile dette fjellmassivet for Oksen. Spør du ein rødvendaling, får du vite at Randsetfjellet er den delen som ligg aust (til venstre) for utsnittet på dette bildet. Skåla er den næraste toppen, og Kvitfjellet ligg lengst sør. Om vinteren er det ikkje vanskeleg å tenke seg grunnen til at Kvitfjellet har fått namnet sitt.

Når du snur deg litt vestover, ser du Blåstolen, Trollstolen og Lundsberget. Her har fotografen brukt vidvinkel og vågstrandsfjella ligg lengre unna. Nede til venstre på bildet ser vi nesten i husa på Solstrand.

Redaksjonen spør: Betyr Sekken.net noe for deg? Skriv til: redaksjonen@sekken.net


Øystein Eik (tekst og foto)
ID: 129

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.