torsdag 21. juli 2005

Tradisjonsmusikk med digresjonar Full trøkk frå Ferdafolk på ungdomshuset

La oss begynne med slutten på Festival-festival lørdag 16. juli 2005: På Ungdomsheim -- det hundre år gamle og unike ungdomshuset -- var Ferdafolk. Dei heldt ein gnistrande konsert for eit engasjert publikum.

Med trekkspel og feler prøvde to sunnmøringar å skape stemning. Og dei greidde det! -- Ta va bra! Den replikken summerer opp det meste etter to intense timar med personleg prega tradisjonsmusikk. Og så var det dans etterpå. Seks ekstranummer med spontandans!



Gruppa Ferdafolk er Ingunn Linge Valldal fra Valldalen og Knut Ivar Bøe fra Vaksvika. Han er gardbrukar ein del av tida si. Ho studerer reiseliv. Men det som er interessant for oss er at begge yter sitt aller beste når dei held konsert, og det beste dei yter det er bra! Ho spelar på mange strenger, både fire på vanleg fele og åtte på hardingfele. Men ho pratar ikkje så mykje. Det gjer derimot han.

Knut Ivar Bøe kommenterer og fortel. Den eine digresjonen etter den andre fører så langt ut på viddene at det er nesten utenkeleg at han kjem attende til utganspunktet. Men han ror seg fint inn, og så er det til å spele igjen. Ei stund så vart og fint at du bøyer deg fram for å få med det meste, før det brakar laus og dragspelaren vrenger belgen til du får bakoversveis.

- Betre med tre for lite enn ein halv for mykje, sa Knut Ivar Bøe då han annonserer at konserten er slutt. Men publikum vil det ikkje slik. Trampepklapp gir ekstranummer. Og etterpå blir det altså ekstra-ekstranummer. Golvet er straks rydda for det meste av stolar og bord. Dermed får dei som vil med seg både vals, reinlender og polka på konserten med Ferdafolk.

Som ein sa dagen etter: -- Det var ein fantastisk fin konsert!

Øystein Eik (tekst og foto)
ID: 121

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.