torsdag 21. juli 2005

MF Edøy: Vikartid om bord og sikring på plass

Sekken.net har formidla eit tips til Dagfinn Thoresen, som er administrerande førar om bord i MF Edøy. Døra ned til mannskapslugaren lengst bak i gangen på ferja har som regel stått åpen. Så vidt vi veit har det aldri skjedd at nokon har stupt ned der, og det er nesten rart. Ungar spring ofte fort i gangen og eldre folk kan han nok med å halde seg fast rulling og litt hard manøvrering ved kai. Forresten treng du ikkje vere spesielt ung eller gammal for å vere uheldig og ramle ned her.
Løysinga blei ein krok høgt oppe på døra. -- Denne kroken skal vere på slik at døra står på gløtt (for lufting) samtidig som trappa ned er sikra. Det seier førar Dagfinn Thoresen.



SOMMAR OG VIKARTID

-- Vi er berre vikarar her om bord i helga. Det går nok bra. Sa Bjarne Raknes på telefonen då redaksjonen ringte opp MF Edøy med spørsmål om litt praktisk hjelp.


Javisst gikk det bra. Redaksjonen fekk like god hjelp som vanleg. Vikarane kjenner ikkje passasjerane så godt som det faste mannskapet, men smilet er på plass og sørvisen er på topp.

Vikarierande ferjeførar Bjarne Raknes er aukraværing og kjem frå jobb i Mesta, der han var førar på anleggsferja MS Basen.

Håkon Skarshaug er også frå Aukra og arbeider til dagleg ved Aker Aukra. No er han sommarmaskinist om bord på ferja mellom Sekken og Molde.

Arve Varvik har sommarjobb som matros. Han har tidlegare arbeidd to år i Sjøforsvaret.

MF Edøy klar til avgang frå Sekken kl 07.15 måndag 18. juli 2005. Frå venstre: Håkon Skarshaug, Bjarne Raknes og Arve Varvik.


Øystein Eik (tekst og foto)
ID: 122

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar