mandag 26. februar 2018

ORGANISTEN INVITERER SPELEMANNSLAG TIL SEKKEN

SØNDAG 11. MARS er det gudsteneste på Sekken, og den blir spesiell. Vi har Harald Morstøl sine ord for det. Han har invitert Rauma Spelemannslag.
– Dette blir det vi kan kalle ei folketonegudsteneste, der alle dagens salmar har folketonekarakter. Det blir ikkje berre norske eller nordiske salmar, den amerikanske «Just a closer walk with thee» er eit eksempel. Dermed er berre å terpe tekst, seier Harald Morstøl med eit lurt smil, og legg til: – Vi skal ikkje gløyme Åge Samuelsens «O Jesus du som fyller alt i alle» som med tida har blitt folkeeige, og med litt godvilje kallast for ein folketone. Sølsagt er «Jeg råde vil alle» – folketonen frå Innfjorden med.
– Rauma Spelemannslag med Dag Søvik som leiar stiller opp med spenstig spel til allsangen. Spelemannslaget vil også spele det som kan kallast lyarslåttar, som for eksempel «Til deg min kjære»av Ole Wenge. Den er tilegna mor hans.
Harald Morstøl håper «sekkenkatedralen» blir fylt med glade folk frå fjern og nær denne dagen, for dette kjem til å bli ei gudsteneste utanom det vanlege. Og til dei som lurer på kva som ellers skal skje under denne gudstenesta seier han: – Domprost Olav Gading og eg vil sørge for at resten går sin gang.


BILDET: Harald Morstøl i kjent positur. Foto: Øystein Eik – kafe B 20.11.2016

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.