fredag 30. juni 2017

HELSING TIL SEKKEN & OMEGN FRÅ STEIN TORLEIF BJELLA


29. juni 2017 kl. 21.00: Stein Torleif Bjella går på scena i eit fullsett amfi i Aasentunet, Ørsta. Han slår snart an tonen hos eit dedikert publikum ved å omtale Ivar Aasen sin heimstad som heilag grunn, der det er godt å vere for han som kjem frå ei språkleg gazastripe aust for fjellovergangane. Han kjem så absolutt til sine eigne. Konserten blir som forventa pluss ein del over forventningane. Rolege viser og FULL TRØKK!


BILDET er eit gjensyn med tre av dei som var med på Sekken 14. juli 2016. Til venstre for Stein Torleif Bjella er Geir Sundstøl i aksjon og til høgre bassisten Eirik Øien. "Vår" trommeslagar var ikkje med på denne konserten, men Kenneth Kapstad var så absolutt ved trommene! Alexander Pettersen (gitar) kom ikkje med på dette bildet.


To frå Sekken med inngangsbillett 3. og 4 reiste heim uten fruktkorg (som gikk til blå 61), men dei fekk med seg varme tankar frå Stein Torleif Bjella med venner og helsing til arrangørstaben (dugnadsgjengen) og publikum som var på konserten 14. juli 2016!

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.