onsdag 12. desember 2012

VI GRATULERER: Yngve Gåsøy – 25 ÅR SOM SCENEARTIST!

12.12.2012: I dag kan han feire 25-jubileum som artist på profesjonell scene, Yngve Gåsøy frå Vikebukt. Yngve Gasoy-Romdal, som han heiter i utlandet, har som kjent sterk tilknytning til Sekken og Romdalvika. Akkurat no er han ute på ein omfattande turne i Tyskland og Østerrike, der Ynge har ei svært høg stjerne som musikalartist.

Tidsskriftet «Musical Coctail» som kjem ut i Wien, har presenterer artisten i ein stor artikkel under tittelen «Hjerteleg til lykke, Yngve!» Artikkelen tar for seg karriera som starta på Det Norske Teatret der 18-åringen straks fekk store roller. Han har gått frå suksess til suksess på store scener i Europa, og høgdepunktet hittil er nok rolla som Mozart i Wien.

Om framtida seier Ynge Gåsøy: – Eg vil gjerne ha eit hus i Norge, eit i Tyskland og eit på Filippinene, tre barn, to hundar og tid til å fiske. (Kilde: Olav Skjegstad i Romsdals Budstikke) Redaksjonen i Sekken.net gratulerer! TIPSADRESSE: redaksjonen@sekken.net

BILDET: Yngve Gåsøy og Paul Gåsøy i Mariehuset på Bygdetunet. Foto: Øystein Eik

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.