

Jorun Marie har sterke musikalske røter i Romsdal med mor frå Rypdal i Tresfjord og far frå Kvernberg i Nesset. Ho gjorde eit sterkt inntrykk på publikum som soloartist under krokonserten på Sekken i fjor. I perioder turnerer ho landet rundt med gruppene Tindra og Majorstuen, og no får altså publikum oppleve det som med rette kan kallast ein ekte familiekonsert. Ta godt imot Jorun Marie Rypdal Kvernberg med familie!
Desse deltok i konserten: Jorun Marie Rypdal Kvernberg (fele, hardingfele, song), Kari Johanne K. Dajani (piano), Hannah Fatima (song og langeleik), Mariam Amina K. Dajani (ng og langeleik), Inga Haifa K. Dajani (song), Liv R. Kvernberg (fele og song), Torbjørn Kvernberg (piano) og Øyvind Espe (gitar og kontrabass).
BILDE 1: Publikum på veg inn, og som vanleg var alle på plass i tide slik at konserten kunne begynne presis. Programmet (med ekstranummer) varte fra kl. 17.30 til 19.00.
BILDE 2: Torbjørn Kvernberg, Øyvind Espe, Jorun Marie Rypdal Kvernberg og Liv Kvernberg.
ØYSTEIN EIK (tekst og foto) – 17.07.2011
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar
Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.