onsdag 4. mars 2009

Lokalt selskap tar over bussdrifta frå 15. mars

Det ledige løyvet for persontransport med motorvogn i rute er tildelt Sekken Næringspark AS. Selskapet tar over drifta etter Nettbuss Møre AS 15. mars 2009, og avtalen med fylket gjeld fram til 31. desember 2012. Samferdselsutvalet i Møre og Romsdal gjorde vedtaket sitt 4. mars, på dagen 9 år etter at Sekken Handelslag blei stifta.



OPPDATERT 04.04.2009

BAKGRUNN (frå saksframlegget til møtet i samferdselsutvalet 4. mars 2009): I november 2007 opplyste dåverande rutebilselskap Sekken Auto AS v. Stig Vestad at selskapet ikkje ville fornye selskapet sitt ruteløyve på øya Sekken i Molde kommune frå 1. januar 2008. I samband med dette vart det på Sekken teke eit lokalt initiativ for å få ta hand om rute- og skolekøyringa på øya. I møte
19. desember, under sak Sa-75/07 A, tildelte samferdselsutvalet likevel det ledige ruteløyvet på Sekken til Nettbuss Møre AS for ein periode på eitt år. Nettbuss Møre AS har heile tida uttrykt at selskapet vil trekke seg ut frå rutekøyringa på Sekken så snart det ligg føre andre alternativ.


I januar i år vart det kunngjort ledig ruteløyve på øya Sekken. Kunngjeringa stod på trykk fredag 23. januar i avisene Sunnmørsposten, Romsdals Budstikke og Tidens Krav, fristen for å søkje var sett til 6. februar 2009. Ved utløpet av fristen hadde det meldt seg ein søkjar, Sekken Næringspark AS. I brev datert 2. februar 2009 (vedl. 1) søkjer selskapet om å få tildelt det ledige ruteløyvet. 

KORT OM SELSKAPET: Næringspark er eit 100 % eigd datterselskap av Sekken Handelslag AS. Selskapet er stifta 13. november 2008 og registrert i Foretaksregisteret 8. januar 2009. Siktemålet med etableringa av selskapet er mellom anna å få ta hand om rutekøyringa på Sekken. Dagleg leiar i selskapet er Vidar Svenning.

 

OPPDATERT 27.02.2009: Saka om tildeling av løyve for persontransport i rute på Sekken er ferdig behandla av administrasjonen for politisk vedtak i samferdselsutvalget 4. mars i 2009. Det får Sekken.net opplyst fra samferdselsavdelinga i fylket.

OPPDATERT 13.02.2009: Et selskap har meldt seg interessert i løyvet for bussdrift på Sekken, og det er Sekken Næringspark AS. – Vi går nå inn i en runde med forhandlinger og anbud, opplyser Geir Olsen, rådgiver ved Samferdselsavdelinga i Møre og Romsdal.

OPPDATERT 29.01.2009: Fristen for å melde seg interessert i å overta bussdrifta på Sekken er 6. februar 2009.

PUBLISERT 18.01.2009: Rådgiver Geir Olsen ved Samferdselsavdelinga i Møre og Romsdal opplyser til Sekken.net at løyvet for persontransport i rute på Sekken snart blir lyst ledig. Etter planen skjer det ved annonser i Sunnmørsposten, Romsdals Budstikke og Tidens Krav i uke 4.

Interesserte kan da ta kontakt med avdelinga for å få orientering om bygda generelt og nærmere spesifikasjoner for oppdraget. Dagens ruteoppsett vil ligge til grunn for framtidig busstilbud.
– Hva vil være avgjørende for tildeling av løyvet?
– I utgangspunktet vil vi gå etter pris, under forutsetning av at tilbuda tilfredsstiller krav om materiell og dekker transportbehovet.

SEKKEN NÆRINGSPARK AS

8. januar 2009 blei Sekken Næringspark AS registrert i Enhetsregisteret i Brønnøysund med organisasjonsnummer 993 469 955. Stiftingsdato var 13. november 2008. Vidar Svenning står som daglig leder, og han har gjennomført kurs med eksamen for løyvehavere i selskap som driver persontransport. Det ligger altså i korta at Sekken Næringspark AS søker på løyvet når det nå blir lyst ledig.

KONTAKT: ØYSTEIN EIK
redaksjonen@sekken.net

Telefon: 975 91 319

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.