onsdag 4. mars 2009

FERJERUTA MOLDE – SEKKEN BLIR SETT UT PÅ ANBUD OM KORT TID

Alt tyder på at drifta av ferje ferjesambandet Molde – Sekken blir konkurransett utsett med det aller første. Fjord1 MRF driv no rute 34 på kontrakt med fylket. Politikarane har tidlegare gjort prinsippvedtak om at ferjedrift i fylkesvegsambanda i Møre og Romsdal skal ut på anbud, men tidspunkt for gjennomføring har heile tida vore usikkert. No kjem det truleg til å gå fort for seg.



Rådgivar Dag Hole ved samferdselsavdelinga seier til Sekken.net at administrasjonen har vurdert ei anbudsutlysing av tre fylkesvegsamband i ei pakke. Det gjeld rute 09 Hundeidvika – Festøya, rute 32 «Utasundsruta» og altså rute 34 Molde – Sekken. Ingen ting er avgjort, men dersom politikarane går inn for dette, vil det ganske sikkert bli gjennomført i løpet av kort tid.

– Kva kan dette bety for Sekken?

– Utgangspunktet er at tilbudet for brukarane ikkje skal bli dårlegare. Intensjonen er tvertimot å få meir ut av dei ressursane samfunnet set inn.

– Universell utforming?

–Vi kjem truleg ikkje til å sette absolutte krav om universell utforming, men vi vil følge lovens krav. Sambandet er av ein slik karakter at universell utforming er ønskeleg, og vi tenker oss ei konkurranseform der operatør som kan tilby dette i ei eller anna form blir premiert.

– Kva karakteriserer sambandet Molde – Sekken?

– Denne ruta er noko spesiell ved at ferja går mellom ein bykjerne og eit lokalsamfunn som også er eit populært turmål. Dermed er det meir aktuelt her enn i mange andre samband å reise for eksempel som rullestolbrukar utan bil. Dette sett krav til universell utforming.

– Utsiktssalong?

– Heile Møre og Romsdal byr på fin utsikt, og rute 34 er ikkje noko unntak. Vi har ikkje problem med å forstå ønsket om salong over dekk. Både faste passasjerar og turistar vil gjerne sjå landskapet dei reiser i. Ved ei konkurranseutsetting vil kravspesifikasjonane bli omfattaande når det gjeld kapasitet, fart, komfort, sikkerhet, universell utforming – og for eksempel plassering av salongar over eller under dekk. Det er for tidleg å seie noko om kva slags krav som blir sett til materiellet og drifta av rute 34 i framtida, seier rådgivar Dag Hole.

---

FAKTA: Lov om forbud mot diskriminering på grunn av nedsatt funksjonsevne (Diskriminerings- og tilgjengelighetsloven) blei sett i kraft 1.1.2009.

---

For eiga rekning tar redaksjonen med eit sitat frå daverande fylkesordførar Jon Aasen (Romsdals Budstikke 07.06.2007) etter ein tur utasunds: « – Du kan si det slik at vi satt ikke nede i salongen da vi var med «Midøy» ut til Finnøya og Ona. Vi vikk oppleve det praktfullle landskapet fra styrehuset og salongen oppe. Dette er et samband som «kleier» etter en salong over dekk, det vil være en forbrytelse om vi bygde ei ny ferje der de reisende ble sendt under dekk i dette vakre området, sier fylkesordføreren.»

No er ikkje Jon Aasen fylkesordførar lenger, men vi vil tru at både han og politikarar frå andre parti også i 2009 meiner at det praktfulle landskapet bør opplevast frå ein salong over dekk.

Etter fleire turar til Ona siste året kan redaktøren slutte seg til det som er sagt om utasundsruta. Og kort sagt: Passasjerar mellom Molde og Sekken fortener så absolutt ei ferje med utsiktssalong. Reisa gjennom Hjertøysundet og over fjorden er også praktfull.

Av Øystein Eik  – redaksjonen@sekken.net  Telefon: 975 91 319

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.