søndag 11. januar 2009

Statens vegvesen inviterer til informasjonsmøte om asfaltering

I 2009 får fylkesvegen mellom ferjekaia og Vestadstranda (Fv 413) fast dekke. Eit stort arbeid skal gjerast på og langs vegen før sjølve asfalteringa kan skje, og mange spørsmål melder seg for grunneigarar, naboar til vegen og alle som skal bruke vegen. SAKA ER OPPDATERT 14.01.2009

BILDET er frå vegen langs Flatevågen mellom Helland og Flate i Vestnes. Denne strekninga har nettopp fått asfaltdekke, og her er det ikkje langt mellom møteplassane. Foto: Øystein Eik - 06.01.2009 (Klikk på bildet for å forstørre)
Ivar Hol er seksjonsleiar i Statens vegvesen, Nordmøre og Romsdal distriktskontor. Han tar sikte på eit informasjonsmøte om asfaltering på Sekken i slutten av januar eller tidleg i februar. Møtet blir arrangert i samarbeid med tiltaksnemnda, og der vil alle berørte og interesserte få komme med sine spørsmål og synspunkt. Overingeniør John Trygve Løvik blir prosjektleiar på Sekken, mens Inge Bergum vil ta mykje av det daglege ansvaret som byggherre.

Ivar Hol fortel at arbeidet med asfaltering blir delt i to. Grunnarbeidet inkludert utviding av vegen med møteplassar og anna forarbeid blir lyst ut på eit særskilt anbud. For sjølve asfaltlegginga har Statens vegvesen eit hovedanbud, og asfalteringa på Sekken blir ein del av dette.
Vegvaktar Knut Sekkeseter gjennomførte synfaring på fylkesvegen 13. og 14. januar i lag med John Trygve Løvik og Ivar Bergum. Dei såg blant anna på aktuelle plassar for rekkverk og ikkje minst stikkrenner og vidare avløp for vatn.
– Vatnet har vore ei mare for meg som vegvaktar. Ei skikkeleg oppgradering av stikkrenner og grunnarbeid eller ser eg på som like viktig som sjølve asfalteringa. Etter denne befaringa har eg inntrykk av at Statens vegvesen legg opp til å gjere eit grundig og godt arbeid på Sekken, seier Knut Sekkeseter.
Generell informasjon om grunnerverv kan du finne på vegvesen.no og klikke på bildet NABO TIL VEG

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar