søndag 19. oktober 2008

100år: Jubileumsfest for Sekken kyrkje søndag 26. oktober

Jubileumsprogrammet begynner programmet med gudsteneste kl. 11.00. – Vi er veldig glade for at biskop Ingeborg Midttømme kan delta i lag med sokeprestane Magne Furuset og Tormod Remøy. Det seier soknerådsleiar Laila Elnes Bielachowicz, og opplyser vidare om programmet: – Under gudstenesta blir det dåp, utdeling av kyrkjebok til fireåringane i bygda, sang ved søndagsskolen, musikk ved korpset og eit historisk tilbakeblikk. Etter gudstenesta blir det jubileumsfest på skolen. Sekken skolekorps vil delta også der. Det blir middag og tid for helsingar.


I fjor gjennomførte soknerådet og gode hjelparar eit omfattande målingsarbeid utvendig på kyrkja. Under dugnadsmiddagen uttalte Laila Elnes Bielachowicz: – Dette har vore fantastisk artig. Kvar dugnadslaurdag var ei fest! No gler soknerådsleiaren seg til ny fest, og ho ser fram til å dele gleda med alle sambygdingar og mange tilreisande søndag 26. oktober.

Historia «Herredstyret anbefaler på det beste Sækkens Invaaneres Andragende om Opførelse af Kapell på Sækken med tillagt Gravplads.» Veøy herredstyre sitt vedtak den 4. januar 1902 var einstemmig, og ein kongeleg resolusjon gav klarsignal for bygging av eit kapell på garden Sekkenes. Vigslinga skjedde 28. oktober 1908. Dette var året etter at Veøy herred fekk tre andre kyrkjebygg: Veøy kyrkje (på Sølsnes), Holm kyrkje og Rødven kyrkje.

Ved nedlegging av kyrkja på Veøya som soknekyrkje, blei den største av dei to klokkene selt på auksjon. I konkurranse med andre interesserte fekk sekkingane tilslaget, og klokka heng i tårnet på det som no heiter Sekken kyrkje.
Til jubileet gir soknerådet ut eit skrift med historia om Sekken kapell og Sekken kyrkje.

BILDET: Laila Elnes Bielachowicz gler seg til jubileet for Sekken kyrkje. FOTO: ØYSTEIN EIK

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar