onsdag 21. mai 2008

17. mai: Fin feiring – og klassebilde på gamleskuletrappa

På Sekken var det som vanleg god oppslutning om feiringa 17. mai. For mange med fritidshus i bygda er det tradisjon å feire nasjonaldagen i lag med dei faste innbyggarane – til glede for alle partar.

Jan Magne Dahle hadde sin første lærarpost på Sekken i 1966-67. Mittetdalingen som deretter tok lærarutdanning, gifta seg med ei øksendalsjente og busette seg i Ørsta, er no godt kjent blant anna som fylkespolitikar. Etter over førti år kom han tilbake til bygda der han underviste i småskulen og storskulen (og hadde ein framhaldsskuleelev) på det som no er gamleskulen og museum.


I talen sin tok Jan Magne Dahle eit tilbakeblikk på historia, og kom inn på både gamle og nye grunnar til å feire dagen som vi gjer. Naturleg nok nytta han og høvet til å dele minne om eit år i lag med ungar og vaksne på Sekken. Både «gamlelæraren» og elevane såg ut til å sette stor pris på møtet. Etter talen var det tid for ein tur tvers over vegen til gamleskulen – som no er ein del av Sekken museum. Etter over førti år var det mangt å mimre om og friske opp i for dei som kunne stille opp til «klassebilde». Læraren med ein del av elevflokken frå 1966-67. Framme frå venstre: Torild Moldver, Jan Magne Dahle og Margrete Sekkeseter. Bak frå venstre: Finn Arve Thomassen, Gerd Jorunn Westad, Janne Sekkeseter og Vigdis Sekkenes.

Sekken Skolekorps har i snart tre tiår prega feiringa av nasjonaldagen på Sekken. Randi Vikhagen er dirigent dette året. Publikum kvitterte med kraftig applaus som takk for marsjar i toget og ein fin konsert inne i salen. Midt under konserten kom tre jenter inn med sang: Sofie Rønning, Solveig Marie Sekkeseter og Idun Johnsen.

Is, brus, pølser, luftgeværskyting, pilkast, kast på boksar, hestskokasting, sykling på trehjulsykkel, ja det er med alt i hop og lagar dagen slik vi kjenner 17. mai. For ikkje å gløyme at komitéen serverte pølse og stappe som middag – og etterpå var det kaffe og kaker.

ØYSTEIN EIK (tekst og foto)  KLIKK PÅ BILDA FOR Å FORSTØRRE





Sekken Skolekorps stilte med musikk i toget og konsertmusikk inne, og denne trioen sang: Sofie Rønning, Solveig Marie Sekkeseter og Idun Johnsen.

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar