tirsdag 5. februar 2008

TUR-SEKKEN: Årets første ekspedisjon til Tranhaugen 304

Ved Bergensbanen ligg ei fjellbygd og markedsførerer seg som Finse 1222. På Sekken har vi Tranhaugen 304. Toppen over alle toppar på øya var søndagens turmål for Trim, Trask og Tusle.


To hadde smørefrie ski som sat ganske godt på oppover Oppsalvegen. Den tredje hadde glatte ski som ikkje såg snurten av skismurning eller skifeller. Sistemann traska motbakkane med ski og stavar på skuldra.




Det første motivet tok fotografen under telefonlinja oppover mot Teppinga. Neste motiv er frå Fjellvegen, og det tredje frå ein rast ved Kvilarsteinen.

Så sleit vi oss oppover i retning Tranhaugen, og tok ein stopp ved "bålhaugen", samlingsplassen nord for Tranhaugen.

Slitet blei belønna med innskriving i manntalet 304 meter over havet – som dei første anno 2008. Utsikta frå Sekken sitt høgaste punkt denne ettermiddagen var begrensa. Vestadvatnet er klart og tydeleg, men Vågstranda såg vi ikkje mykje til.

Ei arbeidsgruppe har tatt opp igjen arbeidet som blei starta tidleg på åttitalet med tanke på å lage turveg / lysløype. Ein aktuell trase var nettopp Fjellvegen.

Foto: Øystein Eik


0 kommentarer:

Legg inn en kommentar