fredag 22. februar 2008

MF Sekken: Overlevering onsdag og velkomstfest laurdag

MF Sekken blir overlevert frå Vegsund Slip AS til Fjord1 MRF onsdag 27. februar kl. 12.00.
Laurdag 1. mars kl. 14.15 – 15.15 blir det velkomstfest om bord i ferja ved kai i Molde.
(Oppdatert 25.02.2008)



BILDET: Salongen om bord i MF Sekken 22. februar 2008. Her blir det sitteplass for ca 70 personar, og ein del stolar tilbyr ekstra komfort for slitne passasjerar – gjerne på veg heim frå ein lang arbeidsdag i byen. Foto: Olav Vikhagen


– Det blir ein enkel seremoni for å markere at ei eldre ferje no blir oppgradert og går inn ei ny epoke, seier Nils Kristian Drønnen til Sekken.net  om det som skal skje onsag. Han er dagleg leiar i bedrifta som er spesialist på reparasjon og vedlikehald av ferjer.
«Velkommen MF Sekken» er tittel på arrangementet om bord i ferja laurdag frå kl. 14.15.Sekken skolekorps, Sekken musuem og Molde bymuseum går i lag med Fjord1 MRF og inviterer til konsert, omvising og meir til den timen ferja ligg ved kai i Molde. 



Glenn Sandberg, teknisk sjef i Fjord1 MR, fortel at arbeidet stort sett går som planlagt, og han meiner at MF Sekken blir ei bra ferje i rute 34.  – Som tidlegare opplyst får vi ikkje pussa opp ferje utvendig slik vi hadde tenkt. Dette må vi ta igjen under det årlege vedlikehaldet på seinhausten, seier han, og legg til:
– Maskina skal no vere i god stand, støynivået skal bli merkbart redusert, evakueringsutstyr er på plass, mannskapet får ny messe ei eine enden av båten og delvis oppgradert lugaravdeling i andre enden – og ikkje minst blir det ein fin salong med 72 sitteplassar. (MF Edøy hadde ca 40 sitteplassar.) Rederiet har søkt Sjøfartsdirektoratet om dispensasjon for å kunne gå med eit mannskap på tre i rute 34 slik som før, men har ikkje fått positivt svar ennå.
UNIVERSELL UTFORMING Om det vidare arbeidet seier Glenn Sandberg: – Vi planlegg som kjent å sette inn ei nytt framdriftssystem frå Brunvoll i 2009. Da håper vi også å kunne realisere ombygging som skal tilfredsstille krav til universell utforming. (Sjå artikkel på Sekken.net 31.01.2008    Søk på universell utforming ) Det kan bli snakk om ein mindre salong med handikapptoallett oppe på dekket der det no er ein korridor og eit par toallett. Da må vi inn med heis. Dersom dette ikkje er praktisk, skal vi finne andre løysingar.



BILDET : Her har fotografen (maskinist Olav Vikhagen) snudd seg 180 grader i salongen – som er prega av innspurt i arbeidet.

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar